Studien viste at studentar med sosial angstliding har lågare valdeltaking enn andre studentar, med 2,5 prosentpoeng. Det vil seie at oddsen for å røyste er høvesvis 23 prosent lågare for desse studentane ved stortingsval og 27 prosent lågare ved kommuneval.
Studentar med generalisert angstliding eller sosial angstliding har òg lågare deltaking i frivillig arbeid. Skilnaden var opp til 2,3 prosentpoeng, uavhengig av type aktivitet.
Førekomsten av psykiske lidingar aukar på verdsbasis, og i Noreg er førekomsten særleg høg blant studentar i høgare utdanning, skriv Universitetet i Oslo
(UiO) på nettsidene sine.
Éin av tre oppfylte dei formelle kriteria for ei noverande psykisk liding i 2023.
Forskarar frå UiO, Universitetet i Bergen og Folkehelseinstituttet har undersøkt om studentane si psykiske helse påverkar valdeltaking og deltaking i andre samfunnsaktivitetar ved å bruke data frå Studentenes helse- og trivselsundersøking (SHoT), som er ein landsomfattande undersøking som skal kartleggje helse, livskvalitet og studieprestasjon blant norske studentar.
Det å skilje ulike typar angstlidingar frå kvarandre, er noko av det som gjer denne studien unik. Det har aldri før blitt forska på samanhengen mellom sosial angst og valdeltaking, så vidt forskarane veit.
– Funna våre er alarmerande. Dette er unge som på mange måtar står utanfor samfunnet. Forskinga vår viser at psykiske lidingar ikkje berre påverkar sjukdomsbyrda i Noreg. Psykiske lidingar blir òg ein trugsel mot demokratiet og unge sitt samfunnsengasjement, seier Lise-Christine Girard, professor ved Institutt for spesialpedagogikk UiO, og ein av forskarane bak studien.
(©NPK)
