Den samla heimetenesta i kommunen er nå bygd opp slik at dei tilsette skal kunna arbeida der det er mest trong for arbeidskrafta, altså styrt av pasientbehov og oppdragsmengd. Ingen har mista jobben i omorganiseringa, og ingen har blitt sett ned i lågare stillingsprosent. Det er heimetenesta som driftar dei bemanna omsorgsbustadane i Etne og Skånevik omsorgssenter. Det er fast oppmøte for tilsette for å drifte tilboda både i Skånevik og Etne. Ei av rutene som tidlegare hadde oppmøte i Skånevik har nå oppmøte i Etne grunna pasientbehov og oppdragsmengde. Det er viktig å merke seg at dette er ei organisering som er levande, og skulle oppdragsmengda auka i Skånevik kan det vera aktuelt å flytta oppmøtestad for den ruta tilbake. Det er ønske om å ha ei fleksibel drift som skal kunne levere dei tenester som innbyggarane har vedtak om til ei kvar tid.
Du siterar ordføraren på at det skal aukast opp med to bueiningar for bemanna omsorgsbustader i Skånevik, det står fast og blir gjort på sikt. Det er og framleis oppmøtestad på Skånevik omsorgssenter, så eg kan ikkje sjå noko kontroversielt i sitatet. Då kartleggingsprosessen av tenestene starta så var det vel ingen som såg for seg at den skulle avdekka ulikskapar i arbeidstrykk og tenester utført til pasientane i dei to avdelingane. Eg vil takka deg, Jens Andreas, for at du og har sett fokus på pasientane, noko som eg med undring har opplevd ikkje har blitt gjort i særleg grad av andre. Det at brukarane av tenestene skal få likeverdige tenester, uavhengig av om dei bur i Etne eller Skånevik, har i altfor liten grad komme fram at er resultat av denne omlegginga. Det at tilsette og skal ha eit jamnare arbeidstrykk uavhengig av kor dei arbeider i tenesta må og kunna sjåast på som vesentleg.
Avslutningsvis kan eg sei at eg oppfattar ikkje innlegget ditt som klagete, Jens Andreas, men som omsut for bygda di. For Senterpartiet er gjennomføringa av planen «Etne 2030 -på veg mot 2040» det viktigaste prosjektet me har i kommunen. Me skal styrkja Etne kommune slik at me blir solide nok til å tåla utfordringane som endringane i demografien gjev oss framover. Dette ber i seg at me må vera noko meir fleksible, kreative og omstillingsdyktige i framtida. Det å utføra tenestene der behovet er størst, er ikkje å svekka distrikt, det er rett og slett nødvendig for ei solid og bærekraftig drift av Etne kommune. For Etne Senterparti vil sentralisering og svekking av distrikt vera at me ikkje evnar å drifte kommunen vår slik, og måtta sjå på større samanslåingar, t.d av fleire kommunar.
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordførar
debatt@grannar.no
Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?
Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no
Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helse ved eit bilde av deg sjølv.