Konsernsjef Arne Bikeland i Westcon ynskjer å presisera at torsdagens førsteside i Grannar om at «300 kan mista jobben» er misvisande i forhold til realitetane. Han seier at leiinga i dag ikkje kan fastslå kor omfattande nedbemanninga blir eller korleis den skal skje.
— Me er og har lenge vore i ein kontinuerleg prosess med å tilpassa oss marknaden. Det er ikkje mogeleg å gi eksakte tal på reduksjonen, slik det gjekk av fram Grannar, seier Birkeland.
— Prosessen dreier seg ikkje berre om oppseiingar, men også naturleg avgang, permitteringar, reduksjon i stillingsprosentar eller andre tiltak. Omfanget er også avhengig av tilgang på nye prosjekt, seier han.
På møtet med departementet opplyste Birkeland at konsernet er i underkant av tusen tilsette og at leiinga forventar å gå ned til 650, 700 mann i løpet av eit tid. Etter oppslaget i Grannar presiserer han at konsernet per 1. januar 2015 hadde 965 tilsette og at det etter dette har vore betydelege reduksjonar på fleire av konsernet sine forretningsområde, og at det difor ikkje gå an å konkludera med at 300 kan mista jobben i konsernet. Westcon-konsernet har fem forretningsområde, inkludert båtar som ligg i opplag, og nær ti ulike lokasjonar som ligg i Noreg samt i Polen.