I dette innlegget tar ordførar Siri Klokker for seg den lange og vanskelege prosessen med å redda Skakkesenteret i den økonomisk utfordrande situasjonen.
Skakkesenteret byr på konsertar, julefilmar og julekos i tida før jul Arkivfoto: Arne Frøkedal Bilde 1 av 2
Ordførar Siri Klokkerstuen er glad at Etne-rekneskapen fekk ein solid pluss i 2018, men presiserer at kommunen framleis har ein jobb å gjere for å få drifta i balanse.
Siri Klokkerstuen (Ap) ynskte ei utgreiing av konsekvensar for einingar som blir råka av innsparingar for å få pleie- og omsorgskabalen til å gå opp. Arkivfoto: Torstein Tysvær NymoenBilde 2 av 2

Grunnlaget lagt for godt samarbeid

Etne kommunestyre gjorde eit positivt og samlande vedtak 23.april 2019 då me vedtok ein samansett «pakke» for å sikre det flotte kulturhuset Skakke vidare drift. Fylkesmannen har godkjend den kommunal garantien og no kan vedtaket iverksetjast.

Skakkesenteret er eit resultat av eit viktig og langvarig samarbeid. Det er eit unikt kulturhus og arena for aktivitet frå tidleg morgon til sein kveld, både kvardag og helg. Etne kommune har bygd nytt bibliotek og kulturskule/musikkavdeling for Enge skule i eigen regi knytt til Skakke. Etne vgs vart på same måte bygd av Hordaland fylkeskommune og knytt til fellesskapet og sambruksarenaen Skakke.

Samarbeid mellom eigarane av det som var Etne kulturhus, Etne kommune og Hordaland fylkeskommune og tanken om sambruk av felles areal var avgjerande for å realisere Skakkesenteret.

her vidarefører me eigarskapet og byggjer vidare på den gode dugnadsånda

Etne kommunestyre vedtok alt i 1998 at ein skulle leggje ny musikkavdeling, nytt hovudbibliotek og Kulturskule til nytt kulturhus og ikkje ta det inn i utbygginga av skulen. Seinare kom Enge skule sine behov for betre gymsal inn. Idrettshallen er eigd av Skakke og leigd av andre brukarar, som til dømes Enge skule som har all kroppsøvingsundervisning i idrettshallen.

Krevjande år

Skakkesenteret opna januar 2012 og eit unikt samarbeidsprosjekt stod ferdig. Aktiviteten var stor og etterlengta arenaer var endeleg på plass. Økonomien har vore stram og det er ikkje til å leggje skjul på at det har vore krevjande år for drifta. Kommunestyreperioden har vore prega av å løyse desse utfordringane. Me landa eit svært godt vedtak 23. april. Det har vore arbeidskrevjande og tidkrevjande prosessar for leiinga i Skakke og for Etne kommune, men me vonar at å ha sikra grunnlaget for eit langt og godt samarbeid.

I oktober 2017 varsla banken at dei vurderte oppseiing av lån, økonomien var ikkje berekraftig. Etne vgs var lagt ned og situasjonen for lokalsamfunnet og for Skakke var særs krevjande Inntektene frå Etne vgs var knytt til avtalar fram til juli 2019 og 2022. Desse stod ved lag. Det var jamlege samtalar med styreleiarar, dagleg leiar og bank – økonomien var skjør heile vegen.

For å styrkje Skakke vedtok kommunestyret i desember 2016 å forskottera resten av tippemidlane (totalt 9,4 mill.) til Skakkesenteret med 4,4 mill. til nedbetaling av lån.

Ordførar og rådmann gjekk i forhandlingar med Hordaland fylkeskommune om seksjon Etne vgs. Kommunestyret vedtok i 2009 ein gjenkjøpsavtale på 21 mill., ein føresetnad for at fylkeskommunen ville byggje vidaregåande skule. Spenninga var stor til om fylket ville krevja oss for 21 mill. Me var tydelege på at situasjonen var særs krevjande for lokalsamfunnet. I løpet av 2017 fekk kommunen tilbod om å kjøpa skulen for 5,6 mill., verdien av bygget var over 40 mill. Endeleg sum blei 2,6 mill. Dette blei sterkt medverkande til at me kunne klara å løyse situasjonen for Skakke.

Viktig tillegg

Det andre som var avgjerande var Arbeiderpartiet sitt tillegg til budsjett 2018:

4.4 Prosess arealutnytting:

Samla plan for arealbehov/utnytting må snarast setjast i gang. Det er mange planar for arealbruk som konsekvens av ferdigstilling av Etne omsorgssenter. Ei evt. realisering av framlegg frå Hordaland fylkeskommune om å la Etne kommune overta Etne vidaregåande skule sin seksjon i Skakke opnar for nye løysingar. Så snart dette er avklart må ein setje i

gang ein prosess rundt ei best mogeleg utnytting av tilgjengeleg areal i kommunal eige i Etnesjøen området. Både faglege og økonomiske vurderingar skal vektleggjast i prioriteringane. Prosessen må og vurdere leigeavtalar og om det er høve for å løyse leigebehov innan kommunalt areal.

 Denne prosessen har vore ein viktig del av Etne kommune sine avklaringar. Me har ansvar for mykje og må sikra oss at me har så smarte løysingar som råd er for å gi innbyggarane best mogeleg tilbod.

Samstundes henvender Skakke seg til fylkeskommunen med ynske om sjølv å overta vidaregåande skule. Skakke jobba med nedbemanning og kostnadskutt samstundes som dei dreiv kulturhus og søkte løysingar for framtida. Det har vore krevjande for Skakke. Skakke SA sa frå seg forkjøpsretten til marknadspris i november 2018. Dei inngjekk ein avtale med fylkeskommunen om å få utbetalt resten av leigeavtalane for å sikre budsjett 2019.

Felles forståing

Det tredje som har vore avgjerande er sjølvsagt samarbeidet mellom Skakke og kommunen for å få felles forståing for talgrunnlag og mulige økonomiske løysingar. Formannskapet valde eit forhandlingsutval med tydeleg mandat: ei langsiktig løysing innan kommunen sine eksisterande rammer, fortrinnsvis kjøp av idrettshallen. Her skulle arealprosessen hjelpa oss til å omfordela bruken av pengar for å leggja til rette for auka bruk av Skakke til kommunen sine formål. Mandatet var for knapt og me kom ikkje i mål innafor eksisterande rammer, men me prøvde og brukte mykje tid.

I februar 2019 viste arealprosessen at me skulle få plass til ungdomssteget på Enge i skuleseksjonen, slik sparer ein store investeringar i utbygging av Enge skule.

Eit kinderegg, no med to eigarar med felles arena og sambruk av eit fantastisk skule, kultur og idrettsbygg i bruk frå tidleg morgon til seint på kveld.

Kritisk

Som ordførar vil eg knyta nokre tankar til prosessen og dei stadige bekymringane for at kommunen ikkje tek ansvar og at ein brukar for lang tid. Etne kommunestyre har gjort mange vedtak sidan 1998 for å realisere prosjektet. I 2009 gjekk ein til det steget å inngå ein gjenkjøpsavtale med Hordaland fylkeskommune på 21 mill. som då var eit krav for at dei skulle byggje Etne vgs i senteret. Det sat langt inne, men viljen til å realisere var stor. Situasjonen me har jobba med denne fireårsperioden har vore kritisk. Dei lange prosessane med dei ulike partane har vore avgjerande for å komme fram til eit positivt resultat.

I dette arbeidet må ein vektleggje konsekvensen av ikkje å ha eit Skakkesenter. Konsekvensane ville vore dramatisk – «la det gå konkurs» sa nokon. Det har ikkje vore eit tema for meg, viljen til å finna løysing har vore stor.

Etne kommune må sjølvsagt vega konsekvensane av kostnaden opp mot kommunen sin økonomi, og tilbodet til barnehage, skule, helse, barnevern, eldreomsorg, vedlikehald, m.m. Me har innbyggjarar som skal ha eit godt tenestetilbod i alle fasar av livet. Pengane strekk ikkje til alt. Dette har vore vanskeleg å forstå for mange at det ikkje er slik at kommunen har råd til det ein vil ha rå til. Det gode tilbodet til innbyggarane er eit resultat av krevjande prioriteringar.

Kommunestyret har i denne perioden løfta kultur høgt og i overordna kommuneplan sagt:

Samfunnsdelen til kommuneplanen: 3. Kultur og fritid

Etne kommune skal halda på posisjonen som kulturkommunen i regionen. Kultur-, idrett- og fritidstilbod skal vera breitt og variert med ulike grader av samspel, kreativitet og sjølvdisiplin. Dette skal skje i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.

 Fylkesmannen har godkjend den kommunal garantien, no kan vedtaket iverksetjast!

Etne kommune refinansierer all pantegjeld, mot 1. prioritets pant for kr 37,77 mill.:

Kommunal garanti for kr 30,7 mill. + 3,07 (10 %)

Etne kommune gir rentefritt pantelån på kr 4,0 mill. Lånet vert avdragsfritt i fem år. Etter det nedbetaling over 15 år med like store årlege avdrag. Allereie forskoterte spelemidlar vert og gjort rentefrie med verknad frå 01.01.19.

Etne kommune kjøper ca. 100 m2 for kr 3,0 mill. for å lokalisere kultureininga i Skakke. Kommunen gjev tilskot på 3,0 mill. til nedbetaling av dagens banklån. Me inngår nye avtalar med Skakke og aukar aktivitet og inntekter ved å auka årleg driftstilskot med kr 62.000 med verknad frå 2019. Inngå ein ny langsiktig kontrakt for leige av timar i idrettshallen og toalettfasilitetar til ungdomsskulen. Avtalen skal ha ei leige på kr 850.000 årleg.

Symbol på samarbeid

Vegen vidare er ikkje rosenraud. Men her vidarefører me eigarskapet og byggjer vidare på den gode dugnadsånda. Kommunen sikrar Skakke, eigne interesser og vidareutviklar samarbeidet ved å lokalisere kultureininga og ungdomsskulen i bygget. Me utviklar bruken av det smarte bygget Skakke. La oss byggja på samarbeid, tillit og tru på at saman greier me meir enn kvar for oss. Skakke er symbolet på det.

Siri Klokkerstuen (Ap), ordførar i Etne