Utsikt frå Hårlandsnepane mot Styrpeheiane, kor Statnett planlegg trasé for 420 kV høgspentlinje.
FOTO: ØKLAND FOTO
Utsikt frå Hårlandsnepane mot Styrpeheiane, kor Statnett planlegg trasé for 420 kV høgspentlinje. FOTO: ØKLAND FOTO

«Nytt forsøk med hersketeknikk frå Vindafjord og Haugalandet»

Svar til ordførarkandidatane til Høgre i Vindafjord og på Haugalandet, og stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H):

«Regionens fremtid står på spill – vi trenger avgjørelsen om Blåfalli – Gismarvik nå!», skriv ordførarkandidatane til Høgre i lesarinnlegg i Grannar den 7. august 2023. Sveinung Stensland skriv i Haugesunds avis 3. august 2023 «at det glipper hver dag, og at det akkurat nå er full stans i etablering av ny kraftkrevende virksomhet».

Me er veldig  mange som lurer på kva bedrifter som glipper? Stensland påstår det er hundrevis, om ikkje tusen arbeidsplassar som me mister til utlandet. Det er rart at ingen veit kva firmaer det her er snakk om. Det er iallefall ikkje hydrogenfangst ved Horisont Energi og heller ikkje batterier frå Beyonder.

Nytt forsøk med hersketeknikk frå Vindafjord og Haugalandet om å få viljen sin om å rasera fjell og skogar for å grønvaska seg. Denna gongen frå Høgre sine håpfulle. Dei meinar at ventetida er urimelig lang, og «at Olje- og energiministeren  velger å sende saken ut på nok en høringsrunde som fører til ytterligere forsinkelser for beslutningstaking». Om desse ordførarkandidatane og ein stortingsrepresentant ikkje veit bedre, så bør dei lese seg opp på Statnett og NVE sine sider om kva som er vanleg tidsbruk i konsesjonshandsaming av 420 kV-linjer luftspenn i sentralnettet. Stortingsmelding 14 frå 2011 – 2012 , som har føringane på korleis sentralnettet skal byggjast seier mellom anna dette om konsekvensutgreiinga:

«Det gjennomføres først en grundig planlegging i nettselskapene og deretter en omfattende konsesjonsbehandling hos energimyndighetene før det gis tillatelse til bygging». Vidare skriv dei at «store kraftledninger er ofte meget omfattende tiltak som påvirker mange og kan være omstridte og skape interessemotsetninger. Det er derfor nødvendig med grundig saksbehandling med tett og åpen involvering både lokalt, regionalt og sentralt». Der står også om viktigheten med at «konsekvensene for naturmangfoldet er tilstrekkelig utredet». Så igjen, denne saka er ikkje forsinka, men følgjer heilt normal saksgong.

Det er heller ikkje Terje Aasland som har «sendt saka på nok ein høyringsrunde». At NVE si tilråding blir lagt ut på høyring er normal demokratisk saksgong. Høgrekandidatane viser til at saka har blitt «grundig vurdert siden 2017» Multiconsult viser i sitt tilleggsnotat til Konsekvensutgreiinga KU 420kV Haugaland til ein «iboende usikkerhet knyttet til om all relevant informasjon er fanget opp». I dette tilleggsnotatet les me  om generell dårleg og mangelfull konsekvensutgreiing av natur og naturmangfold.

I staden for å truga fram klimaskadande og naturfiendtlige monstermaster som attpåtil høyrer fortida til, burde eigarkommunane vore pådrivarar for å nytte sjøkabel for framføring av meir kraft til Haugalandet. Då kunne dei verkeleg hatt noko å skryta over: Grøn kraft heile vegen!

Fakta er at bruk av sjøkabel vil sysselsette og vidareutvikle ein norsk undervannsindustri i verdensklasse. Me har alt av utstyr og dyktige fagfolk i regionen. Med sjøkabel vil det vera mulig å få krafta fram til Haugalandet i tide, det vil seie innan tre år. Demokratiske prosessar i denne saka ville hatt få grunneigarar, då det ville vore 61 kilometer med sjøkabel ut Matrefjorden til Sunfør som utføre marbakken kun har kommunar, fylke og stat med næringar og interessegrupper i høyringane.  Frå landfall i Sundfør kan jordkabel nyttast eller luftspenn dei siste kilometarane.

Trase-undersøkelsar, graving, overdekking og legging av sjøkabel har normalt ei framdrift på 10 kilometer i døgnet. Sjøkabel gir betre forsyningssikkerhet mot kommande klimaendringar og ekstremvær. Bygging og vedlikehald av straumnettet har forårsaka mange ulykker og dødsfall. Innstalasjon og drifting av sjøkabel er bortimot urørt av menneskehand og risikoen for ulykker er lik null. Statnett legg feilaktig fram om beredskapstid/responstid på reperasjon av sjøkabel. Den er nå tilsvarande god som på olje og gassrøyr i Nordsjøen.

Med bruk av sjøkabel på denne kraftoverføringa får heile Haugalandet i pose og sekk: Fremje og sysselsettje vår fantastiske undervannsindustri, som me har både lokalt og nasjonalt. (Alt av Statnett sine 420kV luftspenn blir utført av kroatiske firma.) Straumen kjem fram grøn, og heile Haugalandet får nytte seg av dei flotte inngrepsfrie Etnefjella, og alle andre fjell som blir berørt om monstermastene kjem. Så vis handlekraft og framsyn,  vis respekt for natur og klima, be Olje- og energiministeren om sjø- og jordkabelalternativet.

Grethe Tesdal og Dag Jørgen Neraal

Forum for sjø- og jordkabelteknologi