Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar.
FOTO: RINA ASPMO
Torstein Tysvær Nymoen er ansvarleg redaktør i Grannar. FOTO: RINA ASPMO

Redaktøren svarar: «Dette har skjedd med Grannar»

«Kva har skjedd med Grannar?» spør Anne-Lise Døvik i eit lesarbrev, kor ho kritiserer meg for fleire av endringane me har gjort i avisa.

Døvik har heilt rett i at det har skjedd mykje med Grannar. På same måte som det har skjedd mykje i resten av medie-Noreg dei siste åra. Det handlar om digitalisering, nedbemanningar og alt som no blir kravd for å sikre ein berekraftig økonomi i mediehusa. Dette har endra seg også for Grannar, på nokre få år. Lesarar flest og annonsørar snur ryggen til papiravisa. Dei aller fleste brukar no mobilar, pc og nettbrett for å halde seg oppdaterte på nyheiter.

Samstundes har dei store annonsørane dei siste åra vridd pengekrana meir og meir att når det gjeld annonsering i lokalavisene. Det er desse annonsekronene som gjennom mange tiår har vore den viktigaste kjelda for finansiering av journalistikken. Dei store annonsørane går no til internasjonale aktørar som Google og Meta. Sistnemnde er dei som eig dei sosiale media Facebook og Instagram. Samstundes har prisen for trykking av papiravis og distribusjon gått i vêret det siste året. Nokon kallar situasjonen for lokalavisene «den perfekte stormen», altså ei hending kor fleire uheldige omstende slår til på ein gong.

For fleire mediehus handlar det no difor ikkje berre om papiravisa sin eksistens – det handlar om heile mediehus sin eksistens. Sist veke meldte Romerikes Blad, sjølve flaggskipet i det store Amedia-konsernet at dei kuttar talet på papiraviser frå seks til tre. Hos vår største konkurrent, Haugesunds Avis, har min gode kollega Einar Tho på kommentarplass hinta om at dei vurderer å ta liknande grep.

For fleire norske mediehus handlar det no difor ikkje berre om papiravisa sin eksistens – det handlar om heile mediehuset sin eksistens.

I skrivande stund er det eit ope spørsmål om den nest største avisa i Stavanger – og ei av dei eldste i Noreg, Rogalands Avis, overlever eller ikkje. Der er ikkje Grannar, førebels. Men medieøkonomien har endra seg så raskt at om Grannar no skulle levert to papiraviser i veka, slik me gjorde fram til i oktober i fjor, så hadde me måtte ha dobla prisen på abonnementet no. Det hadde sannsynlegvis fått mange til å steile og seie opp abonnementet sitt. Følgeleg ville styret i Grannar om ikkje lenge måtte gå til skifteretten for å melde oppbod. Då ville ikkje dei 13.000 innbyggarane i Etne og Vindafjord lenger hatt ei lokalavis.

Det er difor me i Grannar no satsar mest på det digitale produktet vårt. Det er difor vi no, i tillegg til å lage ei fyldig papiravis, publiserer om lag 10 nye artiklar kvar einaste dag, sju dagar i veka på nett. I tillegg lagar me podcast, også den har blitt populær. Dei til saman 4,5 redaksjonelle årsverka (nei, vi er faktisk ikkje fleire) har aldri produsert meir journalistikk enn det me gjer no. Me har også gjort endringar i turnus. Frå berre å vere på jobb på dagtid, er redaksjonen no fast bemanna frå 08.00 til klokka 21.30 på kvardagar. Dette for å kunne gi abonnentane våre siste nytt når det skjer. Seinast måndag denne veka var det til Grannar du måtte gå for å lese om utfordringar for skuleskyss og nyhende om overfylte kjellarar i Etne og Vindafjord.

Det er difor vi no, i tillegg til å lage ei fyldig papiravis, publiserer om lag 10 nye artiklar kvar einaste dag, sju dagar i veka på nett.

Difor er me også glade og audmjuke for at nesten 2.000 av våre 3.500 abonnentar er inne og les sakene våre på nett før klokka er ni kvar morgon. Før dagen er omme har mellom 5.000 og 7.000 såkalla unike nettlesarar vore innom nettavisa – kvar dag! (Ein nettlesar er mobiltelefonen din, datamaskinen éin og nettbrettet ditt ein annan.) Dette betyr at Grannar på kort tid har blitt ein viktig del av folk sine daglege digitale lesarvanar. Det er me stolte over. Og gjennom hardt arbeid har me på kort tid skapt ein plattform som også lokale annonsørar no har fått auga opp for. Med god grunn. Sist veke hadde me meir enn 140.000 (!) sidevisningar på nettavisa vår. Det gir oss optimisme og framtidstru!

Så til leiaren, som Døvik saknar mest. Eg gjorde grundig greie for årsaka til at den blei lagt ned i den siste leiaren min, i mars i fjor. Det handlar kort fortalt om at me i ein bitte liten redaksjon må bruke mest tid på det lesarane vil ha. Det måler me, kvar dag. Og det var ikkje leiaren som var mest lest, for å seie det forsiktig. Og tida kor redaktøren gjekk inn på kontoret sitt, låste døra og tente pipa for så å bruk ein time og to på å tenkje ut meir eller mindre kloke tankar, som han så formulerte i ein leiar, er for lengst over. Mange aviser har kutta leiaren. Det er fordi redaktørar flest no må vere vesentleg meir involvert i vanleg journalistisk arbeid. Slik er det også i Grannar.

Dette betyr ikkje at Grannar har kasta lokal debatt bak låven. Tvert om. Lokale lesarbrev er noko av det viktigaste me har i høve til samfunnsoppdraget vårt. Og dei gir me god plass, både på papir og digitalt. Dei fleste blir godt lest. Det same blir kommentarane frå redaktørar og journalistar. Ambisjonen min er at det skal bli meir lokal debatt i spaltene i tida som kjem. Men ei fast leiarspalte kan me diverre ikkje prioritere i den daglege digtale nyhendekonkurransen.

Dette betyr ikkje at Grannar har kasta lokal debatt bak låven. Tvert om.

Og, om nokon no skulle vere i tvil om kva kamp me som jobbar i Grannar står i dagleg, så er teikneserien «Bustenskjold», ikkje tatt ut av papiravisa fordi redaktøren ikkje har sans for han. Det handlar om at Bustenskjold, eller byrået hans for å vere presis, har kravd mykje pengar for å visa seg fram i papirspaltene. Dei pengane må me bruke smartare no. «Hårek» får derimot lov å herje vidare ei stund til, til glede for faste lesarar.

Me har i januar i år køyrd ein test, kor me har tatt ut TV-programmet av papiravisa. Også det fordi kostar det kostar oss mykje pengar. Det er jo ikkje slik at me skriv tv-programmet sjølv. Også det kjem frå byrå eit som tar seg godt betalt. Men, her vel me no å lytte til dei forholdsvis mange tilbakemeldingane me har fått frå abonnentar som ikkje er blitt digitale enno. Me tek tv-programmet inn igjen i papiravisa frå denne veka og ut året. På tampen av året må me ta ei ny vurdering for 2025. Igjen, fordi dei fleste no på same måte som dei droppar papiravisa, heller ikkje ser lineær tv, men strøymer programma dei likar best når dei har tid. TV-program i avisene døyr difor ut.

Me tek tv-programmet inn igjen i papiravisa frå denne veka og ut året.

Grepa me har tatt i papiravisa handlar altså korkje om endra verdisyn eller at me ikkje likar å lage papiravis. Det handlar om endringar i lesarvanar og grep me må ta for at Etne og Vindafjord også i åra som kjem skal ha ei god og redaktørstyrt lokalavis. Det er viktig for eit levande lokaldemokrati, som kan heie på bygdene våre og stille kritiske spørsmål til makthavar når de trengs.

Og så lenge det er økonomi i det, gir me ut papiravis. Frå sist haust med ny logo og andre grafiske endringar, inkludert vår nye og godt leste langsak, eller «Tettare på» som me kallar konseptet. Nokon likar det godt at den har fleire store bilde, andre ikkje like godt. Slik er det som oftast med endringar.

Anne-Lise Døvik, eg vil med dette invitere deg på besøk til Grannar. Du skal få både kaffi, ein god prat med underteikna – og eit endå grundigare innblikk i korleis eit mediehus i 2024 må drifta. Og om andre, til dømes lag eller foreiningar, vil ha besøk av redaktøren, eller kome innom, for å høyre om «nye» Grannar – ta kontakt på torstein@grannar.no.

Torstein Tysvær Nymoen

Ansvarleg redaktør i Grannar