Årsaka er at Statens Vegvesen stengde riksveg 13 gjennom Oddadalen frå klokka 21 sundag. Ny vurdering blir ikkje tatt før klokka 10 måndag.
— Grunna diverse stengde vegar vil denne konkrete turen bli innstilt i morgen, skriv regionsjef Harald Hella i Tide i ein SMS til Grannar.
Minibussar
Rektor Nina Larsen Ness ved Enge skule opplyst til Grannar like etter klokka 21 at Tide jobbar med alternativ skuleskyss.
— Me fekk nettopp opplyst at det truleg vil bli sett opp minibussar for å få frakta elevane til skulen, seier ho.
Ho presiserer at situasjonen kan endre seg, det er det i såfall vêret som vil avgjere.
Førebur seg på nedbør
Meteorologane har varsla mykje nedbør det næraste døgnet, og har sendt ut oransje farevarsel. Vêret hadde ved 20.30-tida sundag ikkje budd på problem i kommunen.
— Men det kan jo skje endringar i løpet natta. Me har gjort dei vanlege førbyggande tiltaka, som å klarere kummar, stikkveiter og den type ting, seier Etne-ordføret Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp).
Planlegginsdag i Vindafjord
Grannar var sundag i kontakt med Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp). Han kunne slå fast at det er klink-is å nokre sidevegar, og at ein del frosne stikkrenner bidrafg til at mykje vatn vil renne ut i vegane.
— På hovudvegane trur eg det er nokon lunde bra, men det er sidevegane som er problemet, seier han.
Men han hadde sundag kveld ikkje høyrd om spesielle utfordringar i kommunen.
Måndag er det elles planleggingsdag i Vindafjord-skulen.
— Det kan me jo kanskje vere glad for, nettopp med tanke på vêr og farevarsler, seier han.