Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
Karmøybuane Ronnie Stol (t.h.) og Jan Andrè Yrke fekk få men stor fisk. Har ein Yrke til etternamn, ligg stort sett fisking i genane. FOTO: NILS TOKHEIMBilde 1 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
Jessica Chhetri (6) og far Durga Chhetri frå Ølen var ikkje heilt heldige med fiskelukka, men dei koste seg saman. FOTO: Nils TokheimBilde 2 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
Simon Johannes Stølen-Ness (6) sa det var spennande å få ein sprelsk makrell på kroken. FOTO: Nils TokheimBilde 3 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
I tillegg til fiskestang, fiska Aurora Nygård (6) og Rune Aleksander Sjølyst Dagsland (3) med teine. FOTO: Nils TokheimBilde 4 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
Ytterst på den største av Hatteland-kaiane var plassen til (f.v.) Håkon Eikesdal (12), Sivert Tyssebotn Svendsbøe (9) og Gunbjørg Tyssebotn. Makrell var det mest av der. FOTO: Nils TokheimBilde 5 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
Dei to karmøybuane Willy Andre Rasmussen (t.v.) og Marselius Kvalevaag fekk makrell, men òg hyse og torsk. FOTO: Nils TokheimBilde 6 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
Karianne Goa Rasmussen tok familien med seg eins ærend frå Kvalavåg på Karmøy til fiskefestivalen i Åmsosen. FOTO: Nils TokheimBilde 7 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
I ventetida under innveginga var nok samtaleemnet fiske. FOTO: Nils TokheimBilde 8 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
Øyvind Træet frå arrangørane veg her inn ein fin torsk for dei to fjorten år gamle egersundarane Storm Skipstad (t.v.) og Johan Nalum Næss. FOTO: Nils TokheimBilde 9 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024.
Aurora Nygård (6) frå Sauda hadde godt grep om fiskestanga. Fisk fekk ho òg. FOTO: Nils TokheimBilde 10 av 11
Fiskefestivalen i Åmsosen 2024
Norvald Hinds (9 f.v.) og Robin Frøland (11) hadde fin fangst og fine timar i lag.Bilde 11 av 11

Fisken beit godt i regnet

Fiskefestivalen i Vatsfjorden gir nok fisk på mange middagsbord dei neste dagane. Ronnie Stol og Jan Andrè Yrke gjekk for storfisk på stor djupne.

Stol frå Karmøy og Yrke frå Skjoldastraumen kunne ikkje vinna konkurransen for tal fisk, men dei tre fiskane dei hadde var av det store slaget. To langer og ein lysing var ein god fangst. Lysing, eller svartkjeft som òg blir brukt, er ikkje så vanleg å få.

Det var Vindafjord Jakt- og Fiskelag som arrangerte frå Hatteland-kaien i Åmsosen. For folk som deltar på fiskefestival, spelar ikkje vêret den viktigaste rolla. Viktig er det likevel at det ikkje er vind og striregn. Elles heiter det jo at fisken bit best når det regnar.

Det gjekk ein liten armada ut frå kaien her

Tore Skogen, leiar i Vindafjord Jakt- og Fiskelag

Jessica Chhetri (6) og far Durga Chhetri frå Ølen var ikkje heilt heldige med fiskelukka, men dei koste seg saman. FOTO: Nils Tokheim

Mange barn

Det var mange barn på festivalen i Åmsosen. Ikkje minst i den klassen som fiska frå land. Ei som ofte får fisk, men som ikkje hadde hellet med seg denne dagen, er seksåringen Jessica Chhetri frå Ølen. Saman med faren Durga Chhetri fiska dei likevel med stort tolmod i lang tid.

— Me har fiska tidigare nett frå denne kaien, og då fiska me bra. Så kva me gjer galt i dag veit eg ikkje, seier Chhetri, som opphavleg kjem frå fjellandet Nepal.

Arrangørane i Vindafjord Jakt- og Fiskelag var godt nøgde med antal fiskarar som møtte opp då festivalen starta søndag morgon.

— Det gjekk ein liten armada ut frå kaien her då, og eg fekk filma det med drone, seier Tore Skogen.

Skogen er leiar i laget, og var aktiv i arrangementet ikkje minst saman med ekteparet Anita og Øyvind Træet.

Øyvind Træet frå arrangørane veg her inn ein fin torsk for dei to fjorten år gamle egersundarane Storm Skipstad (t.v.) og Johan Nalum Næss. FOTO: Nils Tokheim

Premiar

Det er mange premiar i fiskekonkurransen som no kan seiast er årviss i Åmsosen. Det er dessutan fine premiar som blir trekte ut blant deltakarane. Tore Nordtveit meinte at det burde vore ein eigen klasse for folk som nesten aldri får fisk.

— Søster mi, Inger Lise Nordtveit Haugen, fekk faktisk ein fisk i dag, seier han.

Familien Goa Rasmussen frå Kvalavåg på Karmøy hadde tatt turen til Åmsosen berre for å delta i fiskekonkurransen.

— Det er eg som er den som er mest glad i å fiska av oss, seier mor Karianne Goa Rasmussen.

Sonen Willy Andrè Rasmussen og Marselius Kvalevaag stod for volumet i fiskebøtta som bugna av makrell tatt med stang frå den største av Hatteland-kaiane. Ein knurr dei hadde fanga på stang må ha levd godt og lenge i Vatsfjorden. Knurren var nesten var så lang og tung som ein fisk av dette slaget kan bli i den kaldare delen av Atlanterhavet.

Egersundarar er ofte gode fiskarar, og dei to 14-åringane Storm Skipstad og Johan Nalum Næss gjorde ikkje skam på byen sin. I deira kasse var det fin mattorsk, og familien rundt dei fortel at dei to er svært ivrige fiskarar. Med hytte ved Vatsfjorden, visste dei to tydelegvis veldig godt kor torsken står på denne tida av året.

Noah Hinds (9 f.v.) og Robin Frøland (11) hadde fin fangst og fine timar i lag.

Elles var det overraskande mykje lange å sjå blant fangstane. Det er elles ein fisk som oftast blir fiska med line eller anna djupvassutstyr, men mange hadde fått lange på krok. Rett nok på anslagsvis 50 til 60 meters djupne.