Monica Haugan ved Vindafjordmuseet har funne fram vaskebrett og sunlight-såpe til alle som vil prøva seg på klesvask i bekken i sommar. 
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Monica Haugan ved Vindafjordmuseet har funne fram vaskebrett og sunlight-såpe til alle som vil prøva seg på klesvask i bekken i sommar. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 1 av 14
Båtbygging i Vindafjord.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Båtbygging i Vindafjord. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 2 av 14
Gamle potteskår funne i Vikedalselva kan bli til fantasifulle kunstverk.
Foto: Irene Mæland Haraldsen.
Gamle potteskår funne i Vikedalselva kan bli til fantasifulle kunstverk. Foto: Irene Mæland Haraldsen.Bilde 3 av 14
I den maritime avdelinga har Monica Haugan eit breitt utval av tau der barna kan prøva å laga knutar.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
I den maritime avdelinga har Monica Haugan eit breitt utval av tau der barna kan prøva å laga knutar. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 4 av 14
Utstillinga viser gamle reiskap nytta i steinbrotet i Vikedal.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Utstillinga viser gamle reiskap nytta i steinbrotet i Vikedal. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 5 av 14
Urtehagen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Urtehagen. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 6 av 14
Vindafjordmuseet har fleire hus på tunet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Vindafjordmuseet har fleire hus på tunet. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 7 av 14
Kva med å kle seg i finstas anno 1800.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Kva med å kle seg i finstas anno 1800. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 8 av 14
Barn som besøkjer museet får dyrka poteter i pallekarmar. 
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Barn som besøkjer museet får dyrka poteter i pallekarmar. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 9 av 14
Frå utstillinga i museet.
Foto: Irene Mæland Haralsen
Frå utstillinga i museet. Foto: Irene Mæland HaralsenBilde 10 av 14
Å leggja plastsardiner i boks er ein av aktivitetane ved museet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Å leggja plastsardiner i boks er ein av aktivitetane ved museet. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 11 av 14
I skipskista har Monica Haugan samla kler til arbeid og fritid.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
I skipskista har Monica Haugan samla kler til arbeid og fritid. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 12 av 14
I Vikedal blei det laga vassrøyr av tre før i tida.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
I Vikedal blei det laga vassrøyr av tre før i tida. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 13 av 14
Monica Haugan ønskjer små og store velkomen til Vindafjordmuseet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Monica Haugan ønskjer små og store velkomen til Vindafjordmuseet. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 14 av 14

Aktiv sommar på museet

I sommar kan Vindafjordmuseet i Vikedal by på eit rikhaldig program med aktivitetar for store og små. Kva med å prøva klesvask i bekken, skyta med pil og boge eller bli med på barnas museumsstafett.

Utstyrt med eit vaskebrett, ein vaskebalje og ein pakke sunlight-såpe set Monica Haugan kursen mot den vesle bekken som renn gjennom museumsområdet på Vindafjordmuseet. Formidlaren ved museet i Vikedal har eit nytt tilbod å koma med til alle som besøkjer museet i sommar. Vasking av kler slik folk gjorde før vaskemaskina gjorde sitt inntog i hushaldningane her til lands.

— I sommar vil me prøva noko nytt. Eg har vaskebrett, sunlightsåpe, klesklyper, ein sinkbalje og gamle kler. Så skal barna få vaska kler ved elva, seier Monica Haugland og nyttar samstundes høvet til å fortelja om klesklypeproduksjonen som var ei viktig tilleggsnæring for mange i Vikedal før i tida.

— Dei fekk klesklyper med heim og så skulle dei setja i fjør, fortel ho.

I skipskista har Monica Haugan samla kler til arbeid og fritid.
Foto: Irene Mæland Haraldsen

Aktive bygder

Det var ikkje berre klesklypeproduksjon som prega bygdene i Vindafjord i gamle dagar. Skipsindustrien stod sterkt, og mange seglskuter bygd av lokale båtbyggjarar i Hogganvik og Imsland fekk kjenna vatn under kjølen på 1700-og 1800- talet. I Vikedal fanst det mellom anna både granittuttak og produksjon av vassrøyr i tre, og ved Nato-stasjonen på Lysenuten var det full aktivitet under den kalde krigen. Alle dei ulike epokane har fått sin plass i utstillingsmontrane på museet og gjev besøkjande eit spanande innblikk i korleis livet arta seg i arbeid og fritid.

— Nato-utstillinga har stått i to år og har vore eit trekkplaster for museet. Folk kjem langvegs frå for å sjå og etterkomarane fortel stadig nye historiar om livet ved stasjonen. Mange unge på vidaregåande skriv oppgåve om stasjonen, seier Haugan.

Utstillinga viser gamle reiskap nytta i steinbrotet i Vikedal.
Foto: Irene Mæland Haraldsen

Aktivitetar

Eit museum har som oppgåve å samla og bevara gjenstandar og kunst. Ved museet i Vikedal står aktivitetar og arrangement minst like sterkt. Året rundt blir det arrangert aktivitetsdagar og arrangement med ulike tema for store og små. Barnehagar og skuleklassar stikk innom.

Særs dei yngste museumsgjestene kan finna mange spanande aktivitetar dei kan få prøva seg på. Gamle potteskar funne i Vikedalselva blir brukt som utgangspunkt for fantasifulle teikningar. På klestativet og i den gamle skipskista ligg  kopi av gamle klede på rekkje og rad klar til alle som ønskjer å kle seg slik moten var på 1800-talet eller kanskje bli kaptein og matros for ein dag.

Å leggja sardinar på boks blei gjort for hand før i tida, og ved Vindafjordmuseet kan små og store prøva seg på handverket. Og i den maritime avdelinga av museet kan ein få prøva seg på båtsmannsknop og andre knutar som blei nytta når seglbåtane skulle ut på tur.

Vindafjordmuseet har fleire hus på tunet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen

Utandørs er det høve til å ta seg ein rusletur på stylter eller testa muskelkraft og treffsikkerheit på pil og boge- aktiviteten.

Barn som besøkjer museet i Vikedal eller andre av dei ti musea som utgjer Haugalandsmuseet kan bli med i ein museumsstafett. Barna får eit kort når dei besøkjer eit museum og så skal dei kryssa av for aktivitetar dei har gjennomført.

— I skuleferien byrjar barnas museumsstafett over heile Haugalandet. Her hos oss har me natursti, gå på stylter og gå rebus i utstillinga. Alle som deltek får ein liten smykkestein i premie, og til slutt kan dei vera med i ei trekning, fortel Haugan.

I den maritime avdelinga har Monica Haugan eit breitt utval av tau der barna kan prøva å laga knutar.
Foto: Irene Mæland Haraldsen

Nyttevekster

I urtehagen har gamle urteplanter slått rot og gjennom heile sommaren blir urtene plukka inn og tørka.

— Når barna kjem tørkar me urtene og så får dei beskjed at dei kan hentast, fortel museumsformidlaren.

Nytt av året er potetdyrking. Tre pallekarmane har fått plass på tunet og her har ei handfull interesserte ungar alt fått prøva seg som potetbønder.

— Barn har fått sett poteter som dei må stella. Kvar potet er merka med barnet sitt namn, og eg har sett fram litt vatn og litt jord som dei kan bruka når dei kjem for å stella. Barn må få føla at dei er medskaparar og har lyst til å ta turen til museet, seier Haugan.

Museumsområdet har også ei gamal røykstove som er henta frå Kvaløy. Her kan små og store samlast til forteljarstund.

Båtbygging i Vindafjord.
Foto: Irene Mæland Haraldsen

Opningstider

Museet er ope kvar tysdag og enkelte søndagar gjennom heile året. Tre veker i sommar er opningstida utvida til 2 dagar i veka. Uteområdet kan fritt brukast året rundt også utanom opningstidene.

— Museet er også ope på førespurnad. Eg er veldig fleksibel, seier Haugan og tek gjerne i mot både barnehagar, skuleelevar og andre som ønskjer ein opplevingsrik dag på museet utanom faste opningstider.

I løpet av året blir det stelt i stand ei rekkje arrangement der ulike tema står på programmet og når det folk møtest til slektstreff er museet ofte ein plass gjestene ønskjer å besøkja.

— Mange kjem med slektførespurnad og det har vore jamlege slektstreff her. I haust kjem eit lag frå Amerika som vil finna husmannsplassar i Vikedal, seier museumsformidlaren som tek på seg oppgåva med å formidla kontakt med lokale som kjenner til husmannsplassane.

Vindafjordmuseet er ein del av Haugalandsmuseene. Til saman 10 museum inngår i Haugalandsmuseene. Vindafjordmuseet er forma som eit bygdetun med røykstove, stabbur, kvernhus, steinhoggarbru og driftsbygning. Ein gamal telegrafstasjon frå Vindafjord har også fått plass på tunet. Vindafjordmuseet omfattar skulemuseet i Skjold, i Ersland gamle skulestove.

Monica Haugan ønskjer små og store velkomen til Vindafjordmuseet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen