Det er nok fleire som tenkjar bil når dei høyrer etternamnet Holten. Kanskje ser ein også for seg dei raude og grøne stripane, som dominerer fleire bilar og ein buss, som ofte kjem til syne når det nærmar seg løp. Til helga skal det vera NM-rundar i rallycross, og der stillar to bilentusiastar frå denne familien til start. I den anledning ønskte me Svein Bjarte, Daniel og Åsmund, velkommen til Grannarpodden.
Åsmund har køyrd alle rundane i meisterskapet så langt, mens bror Daniel ikkje har køyrd sidan 2019.
– Comebacket har litt med at det er NM-runde i Vikedal. Hadde det ikkje vore for det, hadde det nok ikkje skjedd, fortel Daniel i podcasten.
Motorinteresse gjennom generasjonar
I løpet av samtalen blir det mykje snakk om korleis motorinteressa har vakse seg så sterk i familien, kva dei satsar på, og høgdepunkta i karrierane til dei alle saman. Brørne er einige om at dei er heldige som har fått driva med bil sidan ung aldar. Det same gjeld for Svein Bjarte. Han flytta til Vikedal då han var berre 3 år, og etter kvart som han vart eldre, vaks interessa for å køyra raskt.
– Me fekk vår første bil i 1964, og då byrja etter kvart min eldre bror Sivert Ole å køyra, mens eg sat på. Så var vel interessa på plass etter det kan du seie, seier Svein Bjarte.
Ettersom det var fleire med same interessa, blei tanken om ein motorbane til realitet i 1983. Sidan har Svein Bjarte vore ein fast person å sjå på motorbanen i Vikedal, både bak rattet men og med førebuingar i forkant og under løp. Då han fekk søner vart motorsporten tidleg integrert i liva deira. Både Daniel og Åsmund byrja å køyra så fort dei var gamle nok. Først bilcross og så rallycross.
Les meir om NM-runden i Vikedal her:
Simen skal konkurrere mot verdskjent utøvar
Daniel Holten gjer comeback i Vikedal
Unike motoropplevingar på grusen
Klampen i botn for innhaldsrik sesong
Det er mykje tid som går til motorsporten i denne familien, særleg ettersom gutane alle har konkurrert ulike stadar i Noreg over fleire år. Då er det klart at det skal mykje jobbing til i forkant, for å få klar bilane til løp. Svein Bjarte er tydeleg på at dei er heldige som får halda på med sporten, og at dei kan takka dei heima for det.
– Det er nokon som sit heime, for me har alle koner. Det er dei ein til slutt må takka for at dei er så tolmodige og orkar dette, seier han.
Åsmund er far til vesle Anton, og snakkar litt om korleis det er å balansera det å vera småbarnsfar, samtidig som ein satsar rallycross.
Tragedie i 2017
Samtalen går også inn på ein sørgeleg tragedie som ramma liva til familien Holten og nærmiljøet for sju år sidan. Då mista Svein Bjarte sonen sin, og Daniel og Åsmund broren sin. Anton Holten omkom i ei fallulykke i Bergen, og blei berre 22 år gammal. På same tid som Svein Bjarte fekk telefon om denne hendinga, sto Daniel klar for å køyra ein siste avgjerande NM-runde i Skien.
– Eg måtte ha ein viss plassering, og ikkje vera for langt bak, for å sikre NM-gullet. Det gjekk bra og eg klarte det. Men då eg kom i mål og fekk denne beskjeden, då blei ting snudd ganske opp ned, ganske kjapt, fortel Daniel.
For familien er dette vanskeleg å snakke om, men dei er einige om at det er ein viktig del av historien. Anton vil aldri bli gløymd, og blir blant anna heidra kvart år på Vikedal Roots Music Festival.
Klargjering til løp
NM-runden i Vikedal går føre seg 10-11 august. Åsmund og Daniel er snart klare for å hevda seg på heimebane, og Svein Bjarte har hatt ei sentral rolle både før og under løpet. Dette får lyttarane høyre meir om i podcasten.
Grannarpodden kan du lytta til der du vanlegvis lyttar til podcast, og det er heilt gratis.