Kraftprisane gjekk noko ned førre veke etter fleire veker med auke. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK
Kraftprisane gjekk noko ned førre veke etter fleire veker med auke. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK

Mykje vind gav lågare kraftprisar førre veke

Høg fyllingsgrad og stor vindkraftproduksjon i både Norden, Storbritannia og på kontinentet gav lågare kraftprisar førre veke.

Det skjer etter fleire veker med auka kraftprisar. Det var også høg produksjon frå uregulerbar vasskraft i delar av Sør-Noreg, viser kraftsituasjonsrapporten
til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Sjølv om det i periodar var høg produksjon av både vind- og vasskraft, gjekk den samla produksjonen ned. Derfor gjekk også eksporten ned.

Dei gjennomsnittlege kraftprisane var førre veke på 47 øre per kilowattime på Sørvestlandet og mellom 7 og 8 øre/kWh i resten av landet. Både Søraust- og Vestlandet hadde negativ pris i periodar tysdag.

Søraust-Noreg har hatt høg magasinfylling som følgje av ein vinter med mykje snø og ein våt sommar. Dette i tillegg til at det har regna mykje dei siste vekene, bidrog til at mange av magasina no er nær fulle.

(©NPK)