Når ein les fleire artiklar og innlegg, kan ein få inntrykk av at Sparebankstiftinga Etne gir pengegåve til Skakke. Men er det eigentleg ei gåve, eller handlar det om å skaffa seg eigarskap i bygget og ein posisjon?
Alle set pris på ei gåve til Skakke, men det må vera utan bindingar. Ein kan ikkje utan vidare stilla slike krav berre fordi ein sit på kapital som i utgangspunktet høyrer andre til. Kva er grunnen til at stiftinga krev at Etne kommune skal «ut» av Skakke? Er det for å styrkja sin eigen posisjon i Storstova?
Eg må seia meg einig med Etne Musikklag i at me treng kommunen sin plass i Skakke, og det trur eg me bør vera takksame for. Eg ser ingen grunn til at Sparebankstiftinga Etne skal inn på eigarsida. Om gåva er for stor, kunne ho heller ha vorte betalt over tid, på same vis som Kraftfondet gir 100 000 kroner årleg til nedbetaling av Skakke sitt lån.
Eg håpar at Grannar kan gjennomføra ein kritisk gjennomgang med Sparebankstiftinga Etne, slik at bygdefolket kan få svar på kva intensjonen bak «gåva» er, og kva målsetjingar dei har for drift og tildelingar.
Einar Mæland