I utgangspunktet skal du ta ut heile ferien din i løpet av året, men du kan også avtala med arbeidsgivar å overføra opp til 12 feriedagar
til året etter.
– Arbeidstakarar har likevel ikkje krav på å få overført feriedagar. Ettersom arbeidsgivar pliktar å sørgja for at arbeidstakar avviklar ferien sin, må det bli inngått ein avtale om overføring av inntil 12 dagar til neste år, seier seksjonsleiar Vigleik M. Aas i Arbeidstilsynets svarteneste, i ei pressemelding.
Her må begge partar vera einige, og avtalen skal vera skriftleg.
– Hugs likevel på at overføring av ferie er eit unntak. Og at det beste er å planleggja slik at all ferie blir teken ut i løpet av året, seier Aas.
Ferielova seier at ein normalt ikkje kan overføra meir enn 12 feriedagar. Du kan altså ikkje spara opp uavgrensa feriedagar og bruka dei seinare. Arbeidsgivar kan heller ikkje krevja at du skal overføra meir enn 12 dagar.
Unntaket er dersom du ikkje har hatt moglegheit til å bruka alle feriedagane dine grunna sjukdom eller foreldrepermisjon. Då har du nemleg krav på at alle ubrukte feriedagar blir overførte til året etter.
Aas minner om at ulike arbeidsplassar kan ha interne reglar med fristar for å søkja ferie.
(©NPK)