Meta gjer endringar i avtalane om bruken av Facebook og Instagram etter innspel frå tilsynsstyresmaktene. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Meta gjer endringar i avtalane om bruken av Facebook og Instagram etter innspel frå tilsynsstyresmaktene. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Meta vil gje brukarane fleire alternativ

Snart kan du velje å bruke Facebook og Instagram utan å betale avgift og samstundes få annonsar som byggjer på færre personopplysningar enn tidlegare.

Tilsynsstyresmaktene både i Noreg og resten av Europa har vore kritiske til at brukarane av Facebok og Instagram må velje mellom å godta profilering for åtferdsbasert marknadsføring, eller å betale ei månadleg avgift – såkalla «consent or pay» or «pay or okay». Mange meiner dette ikkje gir brukarane eit frivillig val, og at åtferdsbasert marknadsføring inneber overvaking av handlingane til den enkelte på nett, noko som utfordrar personvernet.

– For tilsynsstyresmaktene har det vore viktig å jobbe for at brukarar har reell valfridom når dei blir bedne om samtykke. Sjølv om vi må vurdere detaljane i endringane nærmare, er det positivt at det går i retning av meir val og kontroll for brukarane, seier seksjonssjef Tobias Judin i Datatilsynet i ei pressemelding.

Ifølgje kunngjeringa frå Meta vil annonsane i det nye alternativet blant anna vere basert på alder, kjønn og estimert lokasjon. I tillegg vil brukaren få såkalla kontekstuell marknadsføring, altså at annonsane er tilpassa innhaldet du ser på. Ser du innlegg eller videoar om bilar, kan du for eksempel få opp bilrelaterte annonsar. Samtidig kan det vere verdt å merke seg at sjølv om kontekstuelle annonsar i utgangspunktet berre knyter seg til det brukaren ser på, foregår det detaljert profilering og persontilpassing i bakgrunnen for å avgjere kva innlegg og videoar du får opp på Facebook og Instagram. Dermed er det uklart i kva grad denne profileringa indirekte også påverkar kva annonsar du ser.

Endringa vil ifølgje Meta bli rulla ut i løpet av dei neste vekene.

(©NPK)