Forskingsprosjektet «TaigaClimate» skal kartleggja kva verdi og bruksområde skogen har for oss. Spørjeskjema blir i desse dagar sendt ut til medlem av utvalde organisasjonar og til 10 000 personar i Innlandet fylke.
– Skogen er ikkje berre ei kjelde til tømmer, papir og ved. Den er ein heim for tallause dyre- og planteartar, og gjev oss ein arena for alt frå trening, jakt, fiske, til plukking av sopp og bær, og beiting av husdyr, seier Cecilie Dyngeland, førsteamanuensis ved Fakultet for anvendt økologi, landbruksfag og bioteknologi.
Forskarane ønskjer seg meir kunnskap om korleis vi kan forvalta skogen på ein måte som varetek mangfaldet av interesser.
– Dette er spesielt viktig no som skogen gradvis vil endra seg grunna klimaendringar med varmare temperaturar og ekstremvêr, seier Dyngeland.
Med prosjektet som blir leia av Universitetet i Innlandet og finansiert av Noregs forskingsråd, skal forskarane modellera korleis skogen kan sjå ut 50 og 100 år fram i tid.
– Vi skal finna framtidige løysingar som er berekraftige og tek høgde for dei ulike interessene, forklarar ho.
Dyngeland har ei oppmoding til dei som får tilsendt spørjeskjema:
– Vi treng meir kunnskap om dette, og ditt bidrag er til stor hjelp.
(©NPK)