Frå natt til fredag kan det komme underkjølt regn i store delar av landet som følgje av eit vêromslag.
Venta omslag til mildare vêr har ført til eit gult farevarsel
frå Meteorologisk institutt.
Det gjeld for indre strøk av Vestlandet og Trøndelag.
Vêromslaget er venta å kome natt til fredag. Nokre av tipsa frå meteorologane er å vere ekstra merksame ettersom isen kan vere vanskeleg å sjå. Ein kan også vurdere å bruke broddar.
Det kan bli lokalt vanskelege køyreforhold der det er underkjølt regn.
(©NPK)