Biletet viser Vossolaks registrert i kilenot. Foto: Norce
Biletet viser Vossolaks registrert i kilenot. Foto: Norce

Vosso-laksen svekka av oppdrettsgen

Laks med innblanda gen frå oppdrettsfisk er mindre levedyktig enn villaks i Vossoelva. Likevel fortrenger den villaksen, viser ny studie.

– Ein høg del av lakseungar som har mykje oppdrettsgen døyr før dei kjem seg ut i havet frå Vossovassdraget. Dei rekk likevel å ta plass og næring i elva, og dermed hindre den naturlege bestanden i å vekse seg robust, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Funna kjem fram i ein ny rapport, som Norsk institutt for naturforsking (NINA) har laga på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Vossolaksen har vore trua av utrydding sidan slutten av åttitalet. Det er avdekt at lakselus, rømd laks frå oppdrettsnæringa og påverknad frå kraftutbygging er viktige faktorar.

For å unngå at den ikoniske laksestamma i Vosso skulle gå tapt, vart det sett i gang ein stor redningsaksjon. Eitt av dei sentrale verkemidla har vore å sikre laksestamma i levande genbank, og setje ut laks derfrå til Vosso.

– Moglegheita for å lykkast med å redde Vossolaksen vil mellom anna avhenge av at ein unngår at oppdrettslaks vandrar opp i elva, og held fram med å svekkje ein allereie trua bestand, seier miljødirektør Ellen Hambro.

(©NPK)