Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery har mottatt ein rapport om diskriminering. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery har mottatt ein rapport om diskriminering. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Dei fleste diskrimineringssaker blir løyste før dei endar opp i retten

Dei fleste diskrimineringssaker blir løyste før dei endar opp i retten, ifølgje ein rapport som Kultur- og likestillingsdepartementet har bestilt.

– Det er viktig at vi har eit effektivt lågterskeltilbod som tek vare på dei som blir diskriminert og som bidreg til å løyse konfliktane, før saka blir meir belastande og kostbar, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Rapporten som advokatfirmaet Lund & Co har utarbeidd, hadde som mål å avklare om dei som blir utsette for diskriminering og trakassering får god hjelp.

I rapporten blir det foreslått tiltak til å styrkje rettstryggleiken til dei som blir utsette for diskriminering. Det blir mellom anna foreslått å opprette eit meklingstilbod.

– For ein del potensielle klagarar kan eit slikt meklingstilbod vere ein mindre belastande, meir dialogbasert og raskare prosess enn dagens klagesaksbehandling i Diskrimineringsnemnda, seier Jaffery.

Departementet skal no gå gjennom rapporten og vurderer forslaga som er lagt fram.

(©NPK)