Medlemsauken i Noregs Mållag held fram. 12. desember nådde dei 16.000 medlemer for fyrste gong sidan 1985.
Og det blir sjølvsagt feira at Mållaget no har 6000 fleire medlemer enn for tjue år sidan, 4000 fleire enn for ti år sidan og 2500 fleire enn for fem år sidan.
– Medlemer er sjølve grunnlaget for ein medlemsorganisasjon, og dette medlemstalet vitnar om at nynorsksaka er viktig for veldig mange i 2024, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding. Her blir det peika på at alle språk treng språkpolitikk, noko som særleg gjeld nynorsk, det minste av dei to norske skriftspråka.
– Nynorsken treng nynorskpolitikk, og Mållaget veit kva som trengst, seier Peder Lofnes Hauge. Med fleire medlemer ventar han fleire politiske oppturar i året som kjem.
Partiprogramma for det komande stortingsvalet er under arbeid, og mållagsleiaren meiner at dei politiske partia bør notera seg at rekordmange er opptekne av målsaka. Rikdomen i å ha to skriftspråk – som speglar både ordtilfanget, dialektmangfaldet og kulturen vår – er ein del av den norske identiteten som me må ta vare på, minner han om.
I fjor strøymde nye medlemer til Mållaget då Jon Fosse, som sjølv er medlem i Mållaget, takka nynorsken og målreisinga for nobelprisen. I år har lokale tillitsvalde i Mållaget verva over 1000 nye medlemer. Slik det ser ut no, aukar medlemstalet i alle 18 fylkeslaga frå i fjor.
(©NPK)