Det har vore ein nedgang i fyrverkerirelaterte augeskadar frå nyttårsfeiringa 2018/19 til 2023/24, frå 16 til 10 skadar, skriv Standard Norge.
Administrerande direktør Jacob Mehus i Standard Norge understrekar viktigheita av å halde fram med å bruke godkjente produkt for å sikre trygg feiring.
– Sjå etter CE-merking for å vere sikker på at fyrverkeriet er godkjent, seier han.
Fyrverkeri som blir selt i Noreg må vere CE-merka for å sikre at dei oppfyller strenge krav til tryggleik. Forskriftene stiller krav til konstruksjon, krutinnhald, brenntid på lunta, sikkerheitsavstand og kategori.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gir råd om trygg oppskyting, som å sikre at bakkebatteriet står støtt, unngå fukt, lese bruksrettleiinga, bruke vernebriller og aldri tenne lunta to gonger.
(©NPK)