UV-behandling viser seg å vere ein effektiv metode for å få bukt med parasitten Spironucleus salmonicida i setjefiskanlegg. Dette er gode nyheiter for aktørar i oppdrettsnæringa som lenge har slite med parasitten.
Spironucleus salmonicida er ein eincella parasitt som kan forårsake sjukdom hos oppdrettslaks i sjø.
Ein reknar med at fisken først blir smitta i ferskvatn, og parasitten har vore vanskeleg å bli kvitt i setjefiskanlegg. No viser ny forsking at rett bruk av UV-lys kan drepe den sjeldne, men skadelege parasitten effektivt.
Forskarane testa to ulike UV-lampetypar i eit kontrollert laboratorieforsøk: Lavtrykks- og mediatrykkslamper.
– Med mediatrykkslampar såg vi ingen overlevande parasittar ved ein dose på 50 mJ/cm² eller høgare,» seier forskingssjef Lill-Heidi Johansen ved Nofima.
Sjølv ved lågare dosar på 10 og 25 mJ/cm² var parasittane så svekte at dei døydde innan 48 timar.
Basert på funna tilrår forskarane ein dose på minst 50 mJ/cm² når ein bruker mediatrykks UV-lampar i setjefiskanlegg.
– Men dosen bør justerast etter vasskvaliteten. Til dømes kan meir organisk materiale i vatnet redusere effekten av UV-behandlinga,» påpeikar Johansen.
Funna er viktige for oppdrettsnæringa. Effektiv kamp av Spironucleus salmonicida
kan gi friskare fisk og betre produksjon.
(©NPK)