Ein ny studie frå Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT) viser at symptom på angst og depresjon kan auke risikoen for demens seinare i livet.
Det skriv Nasjonalt senter for aldring og helse
i ei pressemelding.
Studien, publisert i tidsskriftet Alzheimer’s & Dementia, følgde nesten 10.000 deltakarar over tre tiår. Forskarane fann at personar som utvikla demens, hadde høgare førekomst av angst- og depresjonssymptom over 30 år før demensdiagnosen.
Studien viser også kjønnsforskjellar i risikoen. Menn med depresjon hadde større sjanse for å utvikle demens, medan kvinner med angst viste ein liknande tendens.
Forskarane trekte fram at det er viktig å behandle desse tilstandane for å betre livskvaliteten. Dei tilrår universelle tiltak for å førebyggje angst og depresjon, og grundig behandling av kliniske tilfelle.
(©NPK)