Å vere bonde kan vere einsamt om ein ikkje finn ein partnar som forstår livsstilen. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Å vere bonde kan vere einsamt om ein ikkje finn ein partnar som forstår livsstilen. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Ungdommar lanserer app for bonderomantikk

«Bygderomantikk», ein ny dating-app lansert av ungdommar frå landbruksskulen Tomb, har som mål å redusere einsemd blant bønder ved å tilby både digitale og fysiske møteplassar.

Målet med dating-appen er å hjelpe single bønder med å finne kjærleiken og ein partner som forstår livsstilen deira, skriv Nationen.

Liv Maren Bratvold, ein av initiativtakarane, understrekar at bondeyrket er meir enn berre ein jobb.

– Vi ønskjer å få fram at bondeyrket er ein livsstil og at ein skal kunne finne ein partnar som nettopp passer din livsstil som bonde. Folk må være klare til å vere med på den livsstilen uten at det blir problem, seier ho til avisa.

Å vere bonde kan vere einsamt om ein ikkje finn ein partnar som forstår livsstilen. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

«Bygderomantikk» skil seg frå andre dating-plattformer ved å fokusere på landbruket og dei spesifikke behova til bøndene. Appen vil tilby bønder ein plass der dei kan møte likesinna, og det er allereie planlagt å lansere ei nettside på nyåret. For å skape merksemd om tenesta, nyttar ungdomsbedrifta sosiale medier som Facebook, Instagram og TikTok.

Ungdommane bak «Bygderomantikk» håper også å redusere einsemd blant bønder ved å arrangere fysiske møteplassar og sosiale arrangement som speed-dating og swing-kveldar.

(©NPK)