Lovendringa omfattar også ei rekke andre paragrafar, som har vore mindre omdiskuterte. Det vil ta noko nokon månader før den nye abortlova trer i kraft, opplyser helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).
– Planen vår er neste sommar, seier han til NTB.
Innfører rett til oppfølging etterpå
Det er ein del tilpassingar som må gjerast som følgje av regelverksendringane som Stortinget no har vedteke.
Mellom anna skal det utarbeidast ein ny formålsparagraf som handlar om at kvinna får rett til rettleiing, informasjon og oppfølgingssamtale. Nye nemnder skal også på plass for å handtere søknader om seinabortar mellom veke 18 og 22. Det blir innført nye krav til samansetninga om at kvinner skal vere i fleirtal, og dessutan at éin medlem skal ha juridisk kompetanse.
Vestre gjer det klart at arbeidet med å få ferdigstilt lova skal prioriterast.
– Så det har eg ambisjon om at vi skal få til i løpet av nokre månader, seier han.
Dei sterkaste kritikarane av ei ny abortlov har meint ho kan føre til at fleire vil ta abort seinare i svangerskapet på bakgrunn av informasjon om kjønn og diagnose som blir kjend når ein får tidleg ultralyd.
Vestre meiner det ikkje er grunn til å tru at det blir fleire abortar her i landet når lova blir endra.
– Talet på abortar har gått jamt og trutt ned i Noreg gjennom mange år. Og vi ser frå land som har ein liberal abortpolitikk, at det ikkje nødvendigvis fører til fleire abortar, seier han.
Skal evaluerast etter fire år
Det blir om lag gjennomført 12.000 abortar her i landet kvart år. Tala har sokke jamt og trutt i mange år, med unntak av ein oppgang etter pandemien.
Dei aller fleste abortane finn stad tidleg i svangerskapet. Knapt 600 kvart år skjer etter 12. veke, noko som utgjer under 5 prosent av alle svangerskapsavbrot.
Då abortlova vart behandla førre gong, vart den vedteken med knappast mogleg fleirtal med éi stemmes overvekt. Det solide stortingsfleirtalet betyr forhåpentleg at den nye lova kan stå seg i mange år framover, påpeikar Vestre. Stortinget har likevel vedteke at lova skal evaluerast etter fire år.
(©NPK)