Arbeidarpartiet vurderer å stramme inn lovverket etter avsløringar om aggressivt sal retta mot personar med demens, skriv NRK.
Det kjem etter at allmennkringkastaren avdekte tilfelle der pågåande dørseljarar har pressa sårbare eldre til å teikne abonnement.
– Om denne typen sal fører til at ein tøyer grensa for korleis og kven ein pushar sal på, så skal vi som styresmakter følgje endå meir med og også stramme inn, seier stortingsrepresentant Åse Kristin Ask Bakke (Ap) til NRK.
Bransjeorganisasjonen Virke støttar tiltak mot useriøse aktørar og er open for dialog om forbetringar. Direktør Stein Johnsen i Virke påpeikar at dei fleste i bransjen driv seriøst, men at dei få som ikkje gjer det, må skjerpe seg.
(©NPK)