Start det nye året med nyttårsforsett som er bra for kropp og sjel, og la deg sleppe det som kjennest som eit ork, oppfordrar DNT i ei pressemelding.
1. januar startar nemleg Friluftslivets år, ei markering som varer i heile 2025. Markeringa skal inspirere folk til å bruke meir tid ute, enten du har mykje erfaring frå før, eller er heilt fersk på tur og i naturen.
– Vi som bur i Noreg er så heldige at nesten uansett kvar vi bur så er ein bit av den fantastiske naturen rett utanfor døra vår. Likevel kan dørstokkmila kjennest lang for alle av og til, seier Louise Brunborg-Næss, prosjektleiar for Friluftslivets år i DNT.
* Delta på organisert fellestur
* Meld deg på eit friluftslivskurs
* Inviter ein ven på båltur
* Overnatt på ei DNT-hytte
* Bruk ei natt i naturen under open himmel
* Et kvardagsmiddagen ute
* Lær deg å plukke nokre enkle og sikre matsoppar
* Utforsk kystfriluftslivet
* Bli frivillig i DNT
(Kjelde: DNT)
(©NPK)