Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK
Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

3500 norske skuleelevar skal bli testa på kondisjon og styrke

Noregs idrettshøgskole (NIH) har sett i gang ei ny, omfattande kartlegging av aktivitetsnivået og den fysiske forma til barn og ungdom i Noreg.

Noregs idrettshøgskole (NIH) har sett i gang ei ny, omfattande kartlegging av aktivitetsnivået og den fysiske forma til barn og ungdom i Noreg.

Målet er å teste over 3500 barn og unge frå 1., 4. og 10. trinn på 70–80 skular over heile landet.

– Det unike med desse undersøkingane er at Noreg er eitt av få land i verda som systematisk har samla inn data på fysisk aktivitet og fysisk form i den norske befolkninga, seier prosjektleiar og professor Jostein Steene-Johannessen ved NIH, i ei pressemelding frå NIH.

Resultata frå tidlegare undersøkingar har vist at aktivitetsnivået blant barn og unge har vore stabilt frå 2005 til 2018, men med ei urovekkjande utvikling for 9 år gamle gutar. Forskarane er no spente på om det har skjedd endringar sidan sist.

Resultata frå denne undersøkinga er venta å bli publisert i 2027.

Prosjektet, kalla «UngKan 4», er eit samarbeid mellom NIH, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

(©NPK)