Bispedømma må nedbemanne med totalt 30 årsverk på grunn av stram økonomi i Den norske kyrkja. Her frå Sørkedalen kyrkje i Oslo. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Bispedømma må nedbemanne med totalt 30 årsverk på grunn av stram økonomi i Den norske kyrkja. Her frå Sørkedalen kyrkje i Oslo. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

Den norske kyrkja har starta nedbemanning – kuttar 30 årsverk i bispedømma

Tilsette i Den norske kyrkja vart tysdag informerte om fordelinga av dei 65 årsverka som må kuttast i nedbemanninga som Kyrkjerådet vedtok i desember.

Tilsette i Den norske kyrkja vart tysdag informerte om fordelinga av dei 65 årsverka som må kuttast i nedbemanninga som Kyrkjerådet vedtok i desember.

35 av årsverka er kutta i Kyrkjerådets administrasjon og 30 er kutta ved dei 11 bispedømmekontora, skriv Den norske kyrkja på nettsidene sine.

Dette svarer til to til fire færre tilsette per bispedømmekontor, utanom Borg bispedømme som omfattar kyrkjelydane i Akershus og Østfold. Der er det allereie få stillingar, og det vil bli kutta på andre område.

Dei tilsette vart informerte om fordelinga tysdag, og fekk sjå korleis det nye organisasjonskartet vil sjå ut.

– Ei nedbemanning smertar, både sosialt og fagleg for alle som er tilsette og oss i leiinga, men også for lokalkyrkja, seier direktør Ole Edvard Wold-Reitan i Kyrkjerådet.

Kyrkjerådet vedtok nedbemanninga i desember, og grunngav dette med at økonomien ikkje strekk til.