Dei 12 oppdrettsselskapa som får besøk er valt ut basert på storleik, tidlegare erfaringar og registrert dødelegheit. Illustrasjonsfoto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Dei 12 oppdrettsselskapa som får besøk er valt ut basert på storleik, tidlegare erfaringar og registrert dødelegheit. Illustrasjonsfoto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Desse 12 oppdrettarane kan vente tilsyn i 2025

Hovudtemaa for Mattilsynets systemrevisjonar i år er dyrevelferd ved luseoperasjonar, biotryggleik og velferd hjå reinsefisk.

– Vi ønskjer å vere tydelege og føreseielege, slik at selskapa kan starte forbetringsarbeid før vi byrjar revisjonen. Eit viktig mål er å bidra til felles læring i næringa, seier direktør Bård Skjelstad i Mattilsynet i ei pressemelding.

Desse tolv selskapa er valde ut basert på storleik, tidlegare erfaringar og registrert dødelegheit: Lingalaks, Hofseth Seafarming, Alsaker Fjordbruk, Nova Sea, Sinkaberg Havbruk, Cermaq, Frøygruppen, Kvarøy Fiskeoppdrett, Firda Sjøfarmer AS, Erko Seafood AS, Måsøval og Mowi Seawater Norway AS.

Revisjonane vil inkludere ein gjennomgang av styringssystema og verktøya til selskapa og stikkprøver i lokala deira. Mattilsynet understrekar at målet er å forbetre dyrevelferda på systemnivå.

(©NPK)