Matprisane har gått opp 24 prosent sidan 2021. No svarer éin av ti at dei slit med å dekke kostnader til mat og andre nødvendige utgifter. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Matprisane har gått opp 24 prosent sidan 2021. No svarer éin av ti at dei slit med å dekke kostnader til mat og andre nødvendige utgifter. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Éin av ti slit med matprisane

Kvar tiande nordmann svarer at dei har svært dårleg eller ganske dårleg evne til å betale for mat og andre nødvendige utgifter, ifølgje ein Sifo-rapport.

Kvar tiande nordmann svarer at dei har svært dårleg eller ganske dårleg evne til å betale for mat og andre nødvendige utgifter, ifølgje ein Sifo-rapport.

Det er ein kraftig auke frå juni 2021 då andelen var 4 prosent, melder P4-nyheitene
, som har gått gjennom rapporten
frå Forbruksforskingsinstituttet som vart lagt fram måndag.

Tala gjer inntrykk, understrekar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

– Veldig mykje av det vi treng mest i kvardagen og som vi kjøper mest av i butikken, som brød, kaffi, smør og pålegg, har vorte mykje dyrare, seier Støre.

Matprisane har stige med over 24 prosent sidan juni 2021, ifølgje SSB. Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner utviklinga viser at det er behov for kutt i avgifter og matmoms.

Sifo-rapporten viser at 18 prosent av hushalda er å finne i kategorien «økonomisk utrygge hushald». I 2021 gjaldt dette 7 prosent.

(©NPK)