Her deler frivillige ved Fattighuset i Oslo ut posar med mat. Foto: Emilie Holtet / NTB / NPK
Her deler frivillige ved Fattighuset i Oslo ut posar med mat. Foto: Emilie Holtet / NTB / NPK

Éin av to opplever økonomisk utryggleik

Berre halvparten av nordmenn kjenner seg økonomisk trygge, viser ein fersk rapport frå Oslomet. I 2021 var andelen 65 prosent.

Berre halvparten av nordmenn kjenner seg økonomisk trygge, viser ein fersk rapport frå Oslomet. I 2021 var andelen 65 prosent.

Dei siste renteaukane og prisstiginga i tre år har sett spor. Heile 17 prosent slit eller er ille ute, ein auke frå 7 prosent i 2021, skriv Klassekampen.

I tal svarer det til 445.000 hushald som no blir rekna som «slitarar» eller «ille ute», ifølgje Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved Oslomet.

Til samanlikning gjaldt dette 175.800 hushald i 2021. Desse hushalda har ifølgje tidlegare undersøkingar låge eller ingen sparekontoar, betalingsproblem og risikerer å gå svoltne til sengs.

At omtrent like mange slit no som i fjor, tyder på eit varig press på kvardagsøkonomien til folk, ifølgje rapporten.

Sifo har målt den økonomiske tryggleiken i hushalda fem gonger sidan 2021 for å sjå korleis prisveksten påverkar oss. Undersøkinga viste ein stor auke i opplevd utryggleik frå 2021 til 2022. Deretter har nivået lege stabilt, ifølgje den siste undersøkinga som blir publisert i dag.

– Viss det stabiliserer seg på eit såpass høgt nivå, har vi eit problem. Det å ha økonomiske problem over såpass lang tid har store kostnader, både for individa og for samfunnet samla sett, seier forskar Krizstina Gyüre, ein av forfattarane bak rapporten.

Låginntektshushald med under 400.000 kroner i samla inntekt, barnefamiliar med eineforsørgjar, leigetakarar, uføretrygda og pensjonistar er hardast ramma.

(©NPK)