Influensautbrotet er venta å auke vidare utover vinteren, skreiv Folkehelseinstituttet (FHI) i vekerapporten for veke 1, og i rapporten i veke 2
er beskjeden meir konkret:
– Det er stor moglegheit for at førekomsten vil auke framover og at hovudtyngda av utbrotet kan bli i februar og mars.
Influensautbrotet i sesongen byrja på tampen av 2024, men jule- og nyttårsperioden dempa smitten noko.
Etter 14 innleggingar i intensivavdeling med influensa i veke 52, har talet på innleggingar vore nedgåande med fem i veke 1 og éin i veke 2. Smitten blant dei som allereie er innlagt på sjukehus, har halde seg stabil dei siste tre vekene.
Andel prøver med påvist influensa var på 12 prosent i veke 2, etter 11 prosent i veke 1 og 13 prosent i veke 52.
Elles er det nedgåande trend i førekomsten av covid-19.
– Ein auke i løpet av månadene som kjem kan ikkje utelukkast. Det er framleis viktig å tilby vaksine mot influensa og covid-19 til eldre og andre risikogrupper som ikkje har vorte vaksinert tidlegare denne sesongen, skriv FHI og varslar helsetenesta om å vere førebudd på at smitte med luftvegsvirus kan auke i tida framover.
(©NPK)