Søndag oppmoda meteorologane folk til å vurdere heimekontor på grunn av det venta snøvêret. Det får fleire arbeidsgivarorganisasjonar til å reagere.
– Det skaper store problem for bedrifter når ulike aktørar tilrår heimekontor, seier Vegard Einan, regiondirektør i NHO Viken Oslo, til Romerikes Blad.
Fleire arbeidsgivarar skal ha reagert og kontakta NHO når offentlege aktørar av ulike årsaker har tilrådd heimekontor. NHO er på si side tydelege på at det er arbeidsgivars ansvar å avklare om tilsette skal ha heimekontor eller ikkje.
– Arbeidsgivars styringsrett er eit grunnleggjande prinsipp i norsk arbeidsliv. Bruk av heimekontor er derfor opp til kvar enkelt arbeidsgivar og det er viktig at terskelen til styresmaktene for å oppmode til heimekontor er svært høg, seier Nina Melsom, direktør for arbeidsliv og tariff i NHO, til RB.
Det er Bård Fjukstad, direktør for vêrvarslingsdivisjonen i Meteorologisk institutt, samd i:
– Farevarslinga vår skal leggje grunnlag for at kvar enkelt skal kunne ta gode val. Men desse vala må vere ut frå det ein har høve til å gjere, det er jo mange som har jobbar der ein ikkje kan ha heimekontor, seier han til RB.
– Vi skal fortelje folk kva vi trur konsekvensar av vêret blir, eksempelvis kor vanskelege køyreforhold det blir på vegane. Så må vi finne gode måtar å formulere dette på, utan å gå inn på det andre har ansvar for, slik at folk blir i stand til å ta gode val.
(©NPK)