Europarådets torturførebyggingskomité (CPT) kritiserer forholda blant anna ved politiets utlendingsinternat på Trandum i Ullensaker. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK
Europarådets torturførebyggingskomité (CPT) kritiserer forholda blant anna ved politiets utlendingsinternat på Trandum i Ullensaker. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK

Internasjonal kritikk av norske fengsel

Europarådets torturførebyggingskomité (CPT) kritiserer forholda i norske fengsel etter å ha vore på besøk i mai 2024.

Rapporten frå besøket vart offentleggjord tysdag, opplyser Sivilombodet.

CPT peikar på fleire positive forhold i norske fengsel og trekkjer spesielt fram motiverte og dyktige tilsette i kriminalomsorga, men rapporterer også om fleire område som bør forbetrast

Mellom anna peikar dei på:

* Ein pressa budsjett- og bemanningssituasjon som påverkar forholda for både innsette og tilsette i norske fengsel

* Problematisk handtering av sjølvmordsfare og sjølvskading for innsette i fengsel og internerte

* For få forvaringsplassar til at forvaringsdømde får det tilbodet dei skal ha

* Behov for meir tilgang til meiningsfull menneskeleg kontakt for innsette som er isolert

CPTs rapport beskriv ei rekke forhold som Sivilombodet kjenner igjen frå eigne besøk og klagesaksbehandling, opplyser sivilombod Hanne Harlem.

– Vi har spesielt merka oss at komiteen kjem med fleire tilrådingar som gjeld forholda i fengsla og helsetenester der. Til liks med oss har dei også gjort alvorlege funn når det gjeld beltelegging ved Østfold sjukehus, som komiteen påpeikar at kan utgjere umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Vi merkar oss også at komiteen er bekymra for nokre av forholda på Trandum, seier Harlem.

Norske styresmakter har fått ein frist på seks månader til å svare på korleis rapporten vil bli følgt opp.

(©NPK)