Mykje snø har komme dei siste dagane – men til veka ventar mildvêret. Då kan det blir stor snøskredfare mange stader, åtvarar NVE. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Mykje snø har komme dei siste dagane – men til veka ventar mildvêret. Då kan det blir stor snøskredfare mange stader, åtvarar NVE. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Kraftig mildvêr over helga aukar skredfaren

Måndag er det venta kraftig mildvêr frå Rogaland og til Nordland. Regn i fjellet og snøsmelting aukar faren for flaum og skred fleire stader.

NVE følgjer situasjonen tett, og varsel med faregrad 4 kan bli aktuelt fleire stader. Første offisielle varsel om snøskredfare kjem laurdag ettermiddag, opplyser NVE i ei pressemelding.

– Kraftig regn på eit tørt snødekke vil føre til naturleg utløyste snøskred, det vil seie snøskred som losnar av seg sjølv, seier vaktleiar Heidi Bache Stranden i snøskredvarslinga i NVE.

Førebels ser det ut til at Vestland, Møre og Romsdal og Nordland blir mest utsette for snøskred, men NVE følgjer også nøye med på korleis nedbørsprognosane utviklar seg for Rogaland og Trøndelag.

Snøsmelting og regn aukar også faren for sørpeskred, og jordskredvarslinga hos NVE følgjer med på dette.

– Det er vanskeleg å seie kva område som vil bli mest utsette så mange dagar i forkant, seier jordskredvakt Eivind Halvorsen.

Stor vassføring i elvar på grunn av nedbør og mildvêr på Vestlandet og nordover til Lofoten kan også by på problem.

Det er venta at mildvêret held seg ut veka. Mykje overvatn og isgangar i islagde elvar kan bli resultatet.

(©NTB)