I fjor var startproblem og batteritrøbbel dei hyppigaste årsakene til at NAF måtte rykke ut til bilistar, ifølgje ei pressemelding frå organisasjonen.
Spesielt i vintermånadene januar og februar var det mykje snø og ekstremkulde som skapte utfordringar, men det var ikkje dei viktigaste grunnane til at bilistar trong hjelp. Gjennom året var det startproblem, punkteringar og elektriske systemfeil som toppa statistikken over utrykkingar. Mange bilistar opplevde problem med 12-voltsbatteriet, både i elbilar og andre bilar, noko som førte til at bilen ikkje starta
Punktering var den nest vanlegaste årsaka til bilberging. Mange moderne bilar har ikkje reservedekk, men reparasjonssett som ikkje alltid er effektive. Dette fører ofte til at bilen må fraktast til eit dekkverkstad for reparasjon.
(©NPK)