Marit Sola er fagleiar for anti-svindel i Sparebank 1 Sør-Norge. Foto: Sparebank 1 Sør-Norge / Jan Inge Haga.
Marit Sola er fagleiar for anti-svindel i Sparebank 1 Sør-Norge. Foto: Sparebank 1 Sør-Norge / Jan Inge Haga.

Svindelekspert åtvarar mot sosiale medium

Med kunstig intelligens og tilgang på personleg informasjon frå sosiale medium blir svindelangrep stadig meir truverdige.

Med kunstig intelligens og tilgang på personleg informasjon frå sosiale medium blir svindelangrep stadig meir truverdige.

– I 2024 såg vi ein auke på 30 prosent i talet på innmelde svindelsaker samanlikna med året før, og det er tydeleg at beløpa folk blir svindla for stadig aukar, seier Marit Sola, fagleiar for anti-svindel i Sparebank 1 Sør-Noreg.

I 2025 er det forventa ein auke i svindel der gjerningspersonane gir seg ut for å vere personar i dei næraste krinsen eller autoritetspersonane til offeret som dei stoler på.

No åtvarar Sola mot å dele for mykje personleg informasjon på sosiale medium.

– Svindlarane er avhengige av detaljerte personlege opplysningar for å skape truverdige scenario. Alt du deler på nettet kan utnyttast til å imitere deg sjølv eller nokon du kjenner, for å få tilgang til pengar.

Her er nokre tips for å unngå å bli svindla:

– Svindlarane bruker ofte press for å skape ei kjensle av hastverk. Ta eit steg tilbake, vurder situasjonen nøye, og ikkje ver redd for å spørje om hjelp viss du kjenner deg usikker, seier ho.

Ho minner også om at BankID er personleg og at ingen andre enn du sjølv skal ha tilgang til den.

(©NPK)