Tidlegare forsking viser at uteskule mellom anna kan gje betre læring, helse, motorikk, sosial forståing og kan verke stressregulerande.
– Med prosjektet bidreg vi til arbeidet til regjeringa med å skape ein meir praktisk og motiverande skulekvardag. Dette blir eit kjempeløft for norsk skule som også utanlandske utdanningsinstitusjonar kan sjå til, seier Stein Yngve Andersen, prosjektleiar fòr «Naturen som læringsarena» i Norsk Friluftsliv.
Prosjektet skal gå over fire år, og er eit samarbeid mellom Norsk friluftsliv og fleire ulike høgare utdanningsinstitusjonar, blant dei er Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Agder og Universitetet i Tromsø.
I løpet av prosjektperioden skal fleire hundre lærarar og lærarstudentar, og dessutan over 2000 elevar frå 1. til 10. trinn involverast.
Resultata frå prosjektet vil vere relevante for utvikling av skulepolitikk, offentleg forvaltning, lærarutdanninga og for kvar enkelt elev.
(©NPK)