Det viser Virkes store reiseundersøking Reisepuls. Dei har kartlagt ferievanane til nordmenn og i år er det 33 prosent av oss som planlegg påskeferie. Dette er stabilt samanlikna med tidlegare år.
Påska i år er av det seinaste slaget, men det set truleg ikkje ein stoppar for hyttekosen.
– Påska er synonymt med hytteliv for veldig mange. Det er ei tid for å vere saman i kjende og kjære omgivnader, der mange har kvalitetstid med venner og familie. Av dei som planlegg påskeferie i Noreg er det 64 prosent som vil reise på privat hytte, seier fungerande bransjedirektør for Reiseliv i Virke, Jessica Bollnert, i ei pressemelding.
Det er Innlandet som er den mest populære destinasjonen – 22 prosent seier det er eit ønskt reisemål i Noreg. Deretter følgjer Buskerud med 16 prosent.
20 prosent av dei som planlegg påskeferie seier at ferien i år går utanlands.
– Vi vel tradisjonsrikt når vi reiser til utlandet i påska. Det er Spania som er mest populært, og 20 prosent av dei som gjennomfører påskeferien i utlandet, planlegg å dra dit. Så følgjer Sverige, Danmark og Italia, seier Bollnert.
Det som er aller viktigast for nordmenn er å få tid saman med familie og venner i påska.
– Nordmenn prioriterer å ha ferie. Det handlar ikkje berre om å reise langt eller gjere noko unikt kvar gong. Vi ser at heile 85 prosent av dei som planlegg påskeferie oppgir samvær med familie og venner som hovudformålet med ferien, seier Bollnert.
(©NPK)