Statsminister Jonas Gahr Støre på eitt av besøka sine i Europa-bygningen. Foto: Johan Falnes / NTB / NPK
Statsminister Jonas Gahr Støre på eitt av besøka sine i Europa-bygningen. Foto: Johan Falnes / NTB / NPK

EU: Forspranget til neisida har gått ned frå 26 til 9 prosentpoeng

Neisida er framleis klart størst i ei fersk Opinion-måling, men forspranget på EU-tilhengarane er no berre 9 prosentpoeng.

Det er ei måling som Opinion har gjennomført for Altinget og ABC Nyheter som viser ein kraftig auke for EU-tilhengarane, frå 30 til 40 prosent, og ein tydeleg nedgang for neisida, frå 56 til 49 prosent.

Det betyr at forspranget til neisida er redusert frå 26 til 9 prosentpoeng.

– Endringa er stor. Det må politikarane ta innover seg, seier seniorrådgivar Martin Stubban i Opinion til Altinget.

Slik reagerer Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum på målinga:

– Det siste Noreg treng no, er ein ny opprivande EU-debatt, seier han til ABC Nyheter.

– Signifikant auke

Sist gong Opinion gjennomførte same måling for dei to avisene, var i august, då jasida som nemnt fekk 30 prosent.

– Auken er signifikant, altså er den reell, seier Stubban i Opinion til Altinget.

Han seier det er naturleg å sjå mot EU når folk ser at USA ikkje er til å stole på lengre:

– Vi les i nyheitene at fleire nordmenn fryktar krig. Alt tyder på at det er uroa rundt økonomi og tryggleik som gjer at ja til EU går fram.

– Vi ser ei utrygg verd rundt oss

– Når vi ser ei utrygg verd rundt oss, så har vi det med å søkje til tryggleik. Og det er klart når forsvarsministrane til EU møtest no på torsdag, så er ikkje det eit kaffislabberas. Dei sit jo og diskuterer forsvarspolitiske initiativ som Noreg veldig gjerne vil vere ein del av, og veldig ofte då ber om å få lov til å vere ein del av, seier leiar i Europabevegelsen og stortingsrepresentant for Høgre, Heidi Nordby Lunde, til ABC Nyheter.

– Men vi er ikkje med på å utvikle det. Og no er det på tide, meiner eg, at vi skal bidra til å forme ut det Europa som vi er ein uløyseleg del av, legg ho til.

Nordby Lunde påpeikar at Noreg i dag er det einaste Nato-landet som grensar mot Russland som ikkje er med i EU.

– Ein medlemskap i EU ville teke Noreg i grunnleggjande feil retning. Avstanden mellom vanlege folk i Noreg og eliten og byråkratiet i Brussel er svært lang. Folk flest i Noreg ville mista innverknaden over utviklinga av landet vårt, seier Vedum til ABC Nyheter.

Opinion-målinga viser at andelen norske veljarar som ønskjer EU-medlemskap, aukar med alder.

(©NPK)