Frå venstre Balder Halvoll, Solbjørg Mikkelsen og Line-Marie Holum har samarbeidd om biletordboka på romanes. Foto: Katarina Skog Hundal / Oslomet
Frå venstre Balder Halvoll, Solbjørg Mikkelsen og Line-Marie Holum har samarbeidd om biletordboka på romanes. Foto: Katarina Skog Hundal / Oslomet

Lanserer biletordbok på romanes

I samband med den internasjonale romdagen 8. april lanserer Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) den digitale biletordboka «Bildetema» på romanes.

I samband med den internasjonale romdagen 8. april lanserer Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) den digitale biletordboka «Bildetema» på romanes.

Romanes er morsmålet til romane og har status som nasjonalt minoritetsspråk i Noreg. Biletordboka blir ein av svært få skriftlege ressursar på romanes.

– «Bildetema» er ei digital biletordboka med lyd som er gratis og fritt tilgjengeleg for alle. Til no finst «Bildetema» på 26 ulike språk. Vi er veldig glade for at ho også blir tilgjengeleg på romanes, seier Line-Marie Holum, som leier arbeidet med biletordboka hos NAFO, som er ein del av Oslomet.

Romane er ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Dei nasjonale minoritetane har ei lang tilknyting til landet og har vore med på å forme den nasjonale kulturen. Norske styresmakter har gjennom Europarådet sin rammekonvensjon for nasjonale minoritetar forplikta seg til å arbeide for at dei nasjonale minoritetane kan bevare sine tradisjonar, religion, kultur og språk.

Romanes er som nasjonalt minoritetsspråk verna gjennom språklova frå 2022. Ale offentlege institusjonar, inkludert skular, er pålagde eit særskilt ansvar for å fremje og bevare det romske språket, heiter det i ei pressemelding frå Oslomet.

Dei fleste vaksne romar beherskar både romane og norske, men borna snakkar stort sett berre romanes før dei byrjar på skulen.

– Vi synest det er viktig å fremje, bevare og utvikle romanes som språk. Det er ein rett ein har som nasjonal minoritet, og språket er ekstremt viktig for romsk identitet, seier Balder Hasvoll, som er rådgivar for organisasjonen Romana kher.

Romano kher er eit romsk kultur- og ressurssenter som vart oppretta i 2018 som ein del av den statlege oppreisinga til romane.

(©NPK)