Trass i at rentenedsetjinga er sett på vent, er det god fart i nybilsalet hittil i år, viser tal frå Opplysingsrådet for veitrafikken (OFV).
Samstundes meiner OFV at det blir stadig tydelegare at nybilkjøparar vel mindre og rimelegare bilar, og at behovet og lommeboka styrer val av ny bil blant folk.
I mars vart det registrert 13.304 nye personbilar, og det er 36,5 prosent fleire enn i mars i fjor. Til saman vart det i første kvartal registrert 31.596 nye personbilar, og det er 42 prosent fleire enn i same perioden i 2024.
Fjoråret var prega av lågt nybilsal, men no peikar registreringstala i retning av det som tidlegare har vore normalt, i overkant av 140.000 nye personbilar i året.
Elbilandelen i mars var 84 prosent, medan andelen i heile første kvartal var på nesten 91 prosent. Årsaka til nedgangen i mars er truleg at ekstra mange ladbare hybridbilar vart registrerte i mars, for å unngå ei betydeleg avgiftsauke frå 1. april.
– Eit rentekutt hadde neppe endra sjølve bilvalet for folk flest, men snarare kor mange nye personbilar som hadde blitt registrerte, seier direktør i Øyvind Solberg Thorsen i OFV. Han meiner kraftig prisvekst og eit usikkert rentenivå gjer det meir utfordrande for mange å kjøpe ny bil no, enn for nokre år sidan.
– Også bruktmarknaden ligg stabilt høg og på nivå med 2022 og 2023. Det er eit teikn på at mange treng å byte ut bilen dei har, men at det nok må eit rentekutt eller to til før dei prioriterer å leggje pengar i ein heilt ny bil, legg han til.
(©NPK)