Algen Pseudochattonella nærmar seg Noreg, melder Havforskingsinstituttet.
Havforskar Lars-Johan Naustvoll fortel at det truleg er den arten av algar som allereie har teke livet av villfisk i Danmark. No følgjer han med på om arten kan spreie seg nordover.
– Førebels er det for tidleg å seie om han kjem til å dukke opp i så store mengder at han er skadeleg for fisk i Noreg, men vi forventar at han vil nå norske farvatn om få dagar, seier Naustvoll.
Algane spreier seg gjennom havstraumar, og førebels tyder ingenting på at dei kjem til å spreie seg inn i Oslofjorden. Derimot er det sannsynleg at dei kjem til kysten av Sørlandet.
Naustvoll fortel at algen hovudsakleg er farleg for oppdrettsfisk, som er innesperra og som derfor ikkje kan symje unna. Men ved svært store mengder av algen kan også villfiskar vere utsette.
– Pseudochattonella trivst best når det er lite vind og solrikt, akkurat slikt vêr det er meldt dei neste dagane. Derfor antek vi at algen vil få gode forhold dersom han dukkar opp i våre farvatn, seier Naustvoll.
(©NPK)