Denne måsen kosar seg med kveitebolle. Kvar han gjorde frå seg i etterkant er ukjent, men det er ikkje heilt usannsynleg at det var på ein raud bil. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
Denne måsen kosar seg med kveitebolle. Kvar han gjorde frå seg i etterkant er ukjent, men det er ikkje heilt usannsynleg at det var på ein raud bil. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Har du raud bil? Då bør du vere ekstra varsam for måsar

Får du måseskit på bilen din bør du fjerne han fort, elles kan det bli dyrt. Den kan etse hol i lakken.

Måsane er i gang med hekketida, og det betyr at vi må vere ekstra varsame når vi ferdast i område der dei oppheld seg. Blant anna kan det vere lurt å parkere bilen i område med lite måse, i alle fall om du vil unngå måsedrit på panseret.

– Billakken toler ganske mykje. Men over tid når måkebæsjen får sitje og tørke, byrjar han å etse hol i klarlakken, fortel Trond Paulsen, dagleg leiar i Stavanger Auto, til NRK.

Rikskringkastaren viser også til ei britisk undersøking frå 2012
der det går fram at måsane helst likar å gjere frå seg på raude bilar.

Studien blei gjennomført av bilutstyrskjeda Halfords, og viser at fargen på bilen din kan ha noko å seie for kor ofte måsane peikar ut køyretøyet ditt som brukbart klosett.

Raude bilar vart treft heile 18 gonger meir enn grøne bilar. Blå og svarte bilar ligg også ganske høgt på lista.

(©NPK)