– Det er mange næringsdrivande som trur at dei ikkje skal levera skattemeldinga, fordi selskapet ikkje har hatt omsetnad det siste året. Det er ei misforståing, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB/ NPK

Skatteetaten åtvarar mot dyr tabbe

Måndag er fristen for å levera skattemeldingar for næringslivet. Særskild éin tabbe går att.

Skatteetaten melder fredag at 190.000 næringsdrivande framleis ikkje har levert skattemelding for året 2024 eller søkt om utsetjing, trass i at fristen går ut på måndag. Vanlegvis er fristen for levering 31. mars, men sidan datoen i år fell på ein laurdag vert fristen utsett til 2. juni.

Skattedirektør Nina Schanke Funnemark åtvarar mot ein vanleg tabbe som kan få dyre konsekvensar.

– Det er mange næringsdrivande som trur at dei ikkje skal levera skattemeldinga, fordi selskapet ikkje har hatt omsetnad det siste året. Det er ei misforståing, seier ho i ei pressemelding.

Om skattemeldinga ikkje vert levert, har etaten makt til å ilegga næringsdrivande selskap tvangsmulkt, ein form for dagbot som ikkje stoppar før meldinga er levert.

Næringsdrivande kan søkja om utsett frist for levering, og denne fristen er også utsett til 2. juni i år. Ein får då automatisk 30 dagar forlengd frist.

(©NPK)