I dag er det lov å selje alkohol produsert av eple på garden, men ikkje av druer. Foto: Peder Skjelten / NPK
I dag er det lov å selje alkohol produsert av eple på garden, men ikkje av druer. Foto: Peder Skjelten / NPK

Stortingsfleirtal for å greie ut utvida gards- og bryggeriutsal

Dei raudgrøne partia på Stortinget vil at regjeringa skal greie ut om gardsutsal og små bryggeri skal kunne få utvida høve til å selje alkohol.

Representantforslaget som blir behandla i Stortinget i dag, føreset likevel at Vinmonopolet skal bestå som før, skriv Senterpartiet i ei pressemelding.

Dei er samde med Ap, SV og Raudt om dette. Partia har til saman eit fleirtal på Stortinget.

– Dette kan styrkje ei viktig næring som har vekstmoglegheiter. No kjem regjeringa til å sjå på kva avgrensingar som næringa møter i dag og kva handlingsrom vi har for å opne for meir gardsutsal, seier saksordførar Lisa Marie Ness Klungland (Sp).

I dag er det mellom anna lov å selje alkohol laga av eple frå garden, medan alkohol laga av druer har vore forbodne å selje. Dette har vore reglar som mellom anna Arbeidarpartiet har ønskt å endre på.

– Vi tek no norske produsentar på alvor, og sørgjer for at vi får eit ordentleg kunnskapsgrunnlag. Om endringar ikkje utfordrar Vinmonopolet og hovudinnretninga i norsk alkoholpolitikk så er vi positive, seier Even A. Røed (Ap).

(©NPK)