Illustrasjonsfoto: Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Illustrasjonsfoto: Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Ny returordning for brukte klede

Frå og med 1. januar er det ikkje lov å kaste avlagde klede og andre tekstilar i restavfallet. I det nye året er alle kommunar og verksemder pålagde å samle inn tekstilavfallet.

Det har lenge vore eit problem at det blir kasta altfor mykje klede i restavfallet. Frå nyttår er det eit krav til kommunar og verksender om at dei skal samle inn alt tekstilavfall separat, og så skal det attvinnast eller brukast om att.

Miljødirektoratet har gjort analysar som viser at omtrent halvparten av tekstilavfallet som hittil har enda opp i restavfallet, kunne ha blitt brukt på nytt, reparert eller materialattvunne.

— Kvart år hamnar omtrent halvparten av brukte tekstilar i søpla. Det er dårleg for miljøet og lommeboka. Om vi klarer å kjeldesortere meir, blir det mindre restavfall. Vi får også teke ut klede til ombruk og materiale som kan nyttast i nye produkt, seier statssekretær Sigrun Aasland (Ap) i Klima og miljødepartementet til NPK.

Opp til kommunane

Ho fortel at kommunane står fritt til å bruke ulike løysingar for korleis dei skal sortere og samle inn tekstilavfallet.

Miljødirektoratet opplyser at dei ikkje har ei fullstendig oversikt som viser korleis kvart enkelt vil løyse dette.

— Mange kommunar ser ut til å velje å løyse kravet gjennom innsamlingspunkt for tekstilavfall på attvinningsstasjonane og eller andre returpunkt. Andre igjen vil oppfylle kravet i samarbeid med ideelle organisasjonar, seier Dag Stian Husby, som er seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga til Miljødirektoratet.

Ordninga med sortering og innsamling av tekstilar er ein del av regjeringa sitt ynskje om å nå målet om ein sirkulær økonomi. Tankegangen er at det er avgjerande for klimaet, naturen og miljøet at vi brukar ressursane langt meir effektivt.

I ein sirkulær økonomi skal ein bruke produkta så lenge som mogleg, reparere, oppgradere og i større grad bruka om att. Når produkta ikkje kan brukast om att, kan avfallet mterialattvinnast som råvarer i ny produksjon.

Det skal bli lettare for forbrukarane å ta miljøvenlege val, og dei kan også bidra til å ta dei rette vala for miljøet.

Sigrun Aasland (Ap) er statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Foto: Caroline Dokken Wendelborg / ZERO

Kritikk frå forskarar

Ein forskingsrapport frå NTNU, som vart publisert i oktober, var sterkt kritisk til den norske avfallshandteringa. Det viser seg at nordmenn er på europatoppen i søppelsortering for fleire typar avfall, men at det som blir rapportert inn ikkje fortel heile sanninga.

Forskaren Kim Rainer Mattson sa til NPK at det er store hol i informasjonen som blir gitt til styresmaktene. Han og kollegaene har funne ut at det ein del år har vorte resirkulert 40 prosent mindre enn som er oppgitt i offentlege statistikkar.

— Vi har funne mangelfulle data, upresise målemetodar og mangel på openheit frå returselskapa. Det svekkjer kunnskapsgrunnlaget som avfallspolitikken vår byggjer på. Derfor endar vi også opp med planar som ikkje verkar. Vi må få eit rapporteringssystem som gir eit meir reelt bilete av prosessen, sa Kim Rainer Mattson.

Han er doktorgradskandidat ved Institutt for energi- og prosessteknikk på NTNU. Han står bak studien saman med professor Helge Brattebø og førsteamanuensis Johan Berg Pettersen.

Dei tre forskarane er dei første som har følgt etterlivet til avfallet vårt. Heilt frå avfallet blir levert og behandla, til det endar opp som brende partiklar i atmosfæren, grave ned i deponi, som jord, kompost, gjødsel eller som materialar i nye produkt.

Kim Rainer Mattson er forskar doktorgradsstipendiat ved NTNU i Trondheim. Foto: Sølvi N. Normannsen / NTNU

— For positive anslag

Det kjem fram i studien at både privatpersonar, politikarar og avgjerdstakarar får overdrive positive anslag frå styresmaktene på korleis systemet med innsamling, resirkulering og attvinning eigentleg fungerer.

I åra 2009 og 2019 rapporterte Statistisk sentralbyrå (SSB) om ei attvinningsgrad på høvesvis 44 og 41 prosent. Det er betydeleg høgare enn tala frå NTNU-studien, som viser ei attvinningsgrad på 28 og 29 prosent for dei same åra.

Det viser seg at i 2009 gjekk 49 prosent av alt avfall som vart samla inn, til forbrenning. Ti år seinare var dette auka til 65 prosent.

(©NPK)