Pasientar med autoimmune sjukdommar som revmatoid artritt og Crohns sjukdom, som deltok i studien, har fått betre beskyttelse etter fleire vaksinedosar. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Pasientar med autoimmune sjukdommar som revmatoid artritt og Crohns sjukdom, som deltok i studien, har fått betre beskyttelse etter fleire vaksinedosar. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

Ny studie: Betre beskyttelse med fleire vaksinedosar

Forskarar ved Diakonhjemmet sykehus har funne at fleire vaksinedosar gir betre beskyttelse for pasientar med nedsett immunforsvar. Dette kan endre kor ofte desse pasientane bør vaksinerast.

Forskarar ved Diakonhjemmet sykehus har funne at fleire vaksinedosar gir betre beskyttelse for pasientar med nedsett immunforsvar. Dette kan endre kor ofte desse pasientane bør vaksinerast.

Ein ny studie frå Diakonhjemmet sykehus viser at pasientar med nedsett immunforsvar, som brukar TNF-hemmarar, får styrkt immunforsvar etter fire vaksinedosar mot covid-19. Studien peikar på at desse pasientane ikkje lenger har høg risiko for alvorleg koronasykdom etter fleire vaksinedosar og eventuelle infeksjonar, skriv Diakonhjemmet i ei pressemelding.

Pasientar med autoimmune sjukdommar som revmatoid artritt og Crohns sjukdom, som deltok i studien, har fått betre beskyttelse etter fleire vaksinedosar. Forskarane fann at immunforsvaret tilpassa seg nye virusvariantar både etter oppdaterte vaksinar og infeksjonar.

Studien, som er ein del av Nor-vaC-samarbeidet mellom fleire norske sjukehus og Folkehelseinstituttet, kan føre til endringar i vaksineråda for pasientar som brukar TNF-hemmarar. Desse pasientane kan kanskje følgje same vaksineråd som resten av befolkninga etter fire-fem vaksinedosar, spesielt dei under 65 år utan andre risikofaktorar.

(©NPK)