Energiminister Terje Aasland kom tradisjonen tru med nyheita under Olje- og energipolitisk seminar i Sandefjord. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Energiminister Terje Aasland kom tradisjonen tru med nyheita under Olje- og energipolitisk seminar i Sandefjord. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Olje og gass: Regjeringa deler ut 53 nye olje- og gasslisensar

20 ulike selskap får til saman 53 ulike leiteløyve for olje og gass i konsesjonsrunden TFO 2024.

Denne konsesjonsrunden, som er ein såkalla TFO-runde (tildeling i førehandsdefinerte område), omfattar mesteparten av dei tilgjengelege områda på sokkelen i Nordsjøen og Norskehavet. 33 av løyva er for område i Nordsjøen, 19 for Norskehavet og berre éin for Barentshavet.

Til saman 21 selskap søkte på konsesjonane før søknadsfristen gjekk ut 3. september. Det er delt ut litt færre løyve enn det vart i fjor, då det gjekk ut heile 62 nye løyve.

Energiminister Terje Aasland (Ap) kom med kunngjeringa om TFO-løyva under eit lukka olje- og energipolitisk seminar som Norsk Petroleumsforening held kvart år.

– Regjeringa tek ansvar

Kunngjeringa vart teken vel imot av olje- og gassnæringa, men møtte kraftig kritikk frå fleire.

– Dette viser at regjeringa tek ansvar for at Noreg skal halde fram med å vere ein langsiktig energileverandør til Europa, seier Hildegunn Blindheim, administrerande direktør i Offshore Norge, i ei pressemelding.

Ho meiner at allereie om få år vil energi funne i desse blokkene kunne bidra til Europas energitryggleik, samtidig som det sikrar arbeidsplassar i heile landet og store inntekter til fellesskapen.

– Skrekkfilm

– Klimapolitisk skrekkfilm for oss og barna våre, seier MDGs partileiar Arild Hermstad.

Han kallar tildelinga av mange nye blokker «ei rein faktafornekting».

– Regjeringa har i røynda ingen truverdig klimapolitikk, men vel heller å regissere ein klimapolitisk skrekkfilm for oss og barna våre, seier Hermstad i ein kommentar.

– Bryr seg ikkje om skogbrannane

Han held fram med å seie at regjeringa ikkje bryr seg «ein døyt» om skogbrannane som herjar i California og at ekstremvêret aukar.

– Regjeringa spring Listhaugs ærend, når dei gjennom desse tildelingane les Noreg fast til eit feil spor i ei verd som skal gjennom store endringar, seier Sofie Marhaug, stortingsrepresentant og nestleiar i Raudt.

– Endå ein gong ser vi regjeringa lukke auga for global oppvarming, ekstremvêr og naturøydeleggingar, og halde fram med meir oljeleiting. Dette byrjar å bli pinleg, seier Lars Haltbrekken i SV.

– Klare krav til olje- og gassindustrien

Energiminister Terje Aasland har høyrt kva kritikarane har sagt og svarer slik:

– Denne praksisen forsvarer vi ved at vi har eit kontinuerleg fokus også på klimaarbeidet. Vi har stilt veldig klare krav til olje- og gassindustrien om å redusere utsleppa sine frå produksjon, seier han til NTB.

– Vi bidreg med teknologi og løysingar også for å kutte utslepp frå bruken av fossil energi, mellom anna ved å vere leiande innan karbonfangst og -lagring, seier han vidare.

(©NPK)