Jegerar som planlegg å gå på jakt til hausten må smørje seg med tolmod. Ventetida på våpensøknader i nokre politidistrikt er oppe i over fem månader, som kan setje stoppar for mange jaktplanar.
Innlandet politidistrikt toppar lista med ei ventetid på 23 veker for digitale søknader og heile 27 veker for papirsøknader. Dette betyr at jegerar som sender inn søknad no, først vil få svar i slutten av juli, skriv Nationen.
– Vi har enorme mengder med søknader fordi vi er eit stort jaktdistrikt. I tillegg har vi hatt og har noko turnover innanfor våpenforvalting som medfører at dei resterande ressursane må prioritere oppgåvene ut frå samfunnstryggleiken, seier seksjonssjef Tammy Ann Nyborg, i seksjon bevilling i Innlandet politidistrikt, til avisa.
Nyborg rår jegerar til å søkje så tidleg som mogleg. Ho påpeikar at det er omtrent 28 veker til 1. september, medan sakshandsamingstida for jaktvåpen per i dag er inntil 25 veker. Politidistriktet håpar å redusere ventetida på sikt.
(©NPK)